Ein fjelltur i lag med tankane

Derifrå går eg innover Rabbane og over steingarden og er nå på Bringeflåto. Så går […]

Derifrå går eg innover Rabbane og over steingarden og er nå på Bringeflåto. Så går eg Liabakkane og fram til Rott. Der budde det folk før i tida, og der bjørkeskogen nå veks var det før slåttemark.
Eg vandrar vidare og kjem fram til flåto. Herifrå vert vegen noko brattare og snart er eg oppe til kløyvane. Derifrå er det fin utsikt over heila bygda. Herifrå gjekk det løypestreng heilt ned til Rabben på Åsheim. Strengen vart brukt til å transportera ved på.
På Kløyvane set eg å kviler meg litt før eg går vidare og kjem fram til melkeflåto der dei mjølka kyrne før i tida. Herifrå føre vegen heilt fram til fjellgarden. Nå ligg heile fjellet framføre meg og eg må finna ut kva veg eg vil gå. Eg bestemmer meg for å gå vegen mot Bjørnaskallten, der vart ein bjørn drepen ein gong. Ved sida av vegen her, renn ein bekk. Ved sida av den låg me i telt for 80 år sidan, nokre andre gutar og eg. Steinane vi hadde rundt teltet ligg der den dag i dag. Nå går eg vidare, på venstre sida av vegen ligg Kjempemyr og Krokendahl. Der var det mykje molter å finna før i tida.
Eg stansar litt på vegen og ser meg omkring og eg tenkjer på alle opplevingar frå fjellheimen. Men eg må rusla vidare. Eg er nå kommen til Gamlestølen etter å ha passert Longhamar.
Nå skal eg gå gjennom Tjelleskar for å koma meg fram til staden der Åsheimshytta stod. Staden heite Tjellestøl, og hytta heite «Sorgenfri». Her må eg setja meg ned og sleppa tankane laus. Hytta er borte, berre grunnsteinane er att. Det er trist å sjå korleis alt me sleit og bar er borte. Men hytta skulle ikkje vore flytta på. Det var lite tenkt av dei som var skuld i det, men dei såg vel ikkje anna utveg då dei var fleire som eigde i den.
Nå går det fort nedover mot Rodalen og Valdra, og snart er eg heime etter ei fin fjelltur – i tankane si verd.


Ingvald Åsheim