Ein god offentleg fellesskule

Arbeidarpartiets skulepolitikk har som mål at elevane skal få meir kunnskap i eit sosialt fellesskap. […]

Arbeidarpartiets skulepolitikk har som mål at elevane skal få meir kunnskap i eit sosialt fellesskap. Velferdssamfunnet byggjer på ein sosial kontakt mellom oss menneske. Men skal denne sosiale kontakten leve vidare, er sosial kontakt i kvardagen viktig. Fellesskulen er ein arena kor born og unge frå ulike samfunnslag treffes. Vi meinar dette er med på å utvikle elevane sine gode sosiale evner til å møte eit mangfaldig samfunn der ute.
Arbeidarpartiet vil auka kunnskapsnivået blant elevane i Vindafjordskulane. Mange foreldre er i dag bekymra for at borna ikkje skal få kvalitet og innhald tilpassa eit arbeidsliv i stadig endring. Elevane i dag må omstille seg i endå større grad enn foreldregenerasjonen. Dette betyr at det vert stilt større krav til elevane sitt kunnskapsgrunnlag.
Undersøkingar syner at 20 prosent av 10. klassingane les og skriv så dårleg at dei får problem seinare i livet, og at dei som har vanskar å henge med i ungdomsskulen, ofte fell ut av vidaregåande opplæring. Dette tek vi på alvor. Kunnskapsløftet vart innført hausten 2006, sentrale omgrep er styrking av grunnleggjande ferdigheiter.
Gode ferdigheiter innan lesing, skriving og rekning for elevane er grunnleggjande for vidare arbeid og utdanning. Samtidig veit vi at mange elevar ikkje får gode nok utfordringar i skulen, og at desse ville fått auka motivasjon dersom dei blei møtt med auka forventningar. Vi skal sjå til at elevane får ei tilpassa opplæring innafor fellesskulen.
Arbeidarpartiet vil at elevane skal få eit felles kunnskapsgrunnlag uavhengig av kva skule dei går på. Vi vil arbeide for at det blir tydeleg kva nasjonale kunnskapsmål som skal omhandle alle og kva kunnskapsmål som skal tilpassast den enkelte elev. Tilpassa opplæring tyder at elevane får moglegheit til å utvikle sine talent innafor ulike område. Derfor skal vi fylgje utviklinga i Vindafjordskulane med lupe i framtida. Vi bryr oss om skulen, der alle skal med.

Vidar Samland.
kommunestyrerepresentant for Vindafjord Arbeidarparti