Ein ressurs blir til problem

Mange kvittar grovavfall her, som om det var ein lovleg tipplass. Ølen kommune har ikkje […]

Mange kvittar grovavfall her, som om det var ein lovleg tipplass. Ølen kommune har ikkje løyve eller konsesjon for å ta mot eller handtere slikt avfall. Nå har dette kvistavfallet vakse oss heilt over hovudet. Avfallet ligg på ei tomt som kommunen hadde plan om å selje til nokon som ville byggje og drive verksemd her. Det er ikkje lett å selja tomta når den ser ut som ein mottakssentral for ein bossplass. Kommunen kan ikkje bruka fast tilsette til å passe på at ingen tippar grovavfall her. Tippinga foregår frå tidleg morgon og til seint på kvelden.
Kva gjer me vidare ?
Vi kan:
• Vi kan kjøre til Toraneset og kvitte oss med problemet på lovleg vis.
• I fellesskap finne ei god løysing på korleis vi skal løyse dette enklare i framtida
Kva vi ikkje kan:
• Tøme som før og lage meir problem.
Same kva du gjer. Tenk gjennom problemet. Vi må gjera problemet vårt om til ein ressurs. Kan hende du har den gode løysinga. Her treng vi idedugnad og handling.

Kommunen tar mot gode forslag på hhustveit@olen.kommune.no

Sukess er ein vanvittig ide sett i system + litt pengar.