Ein skulle tru det ikkje var sant

Han hadde vore på eit møte i samferdselsutvalet der det vart servert alkohol. Eg har […]

Han hadde vore på eit møte i samferdselsutvalet der det vart servert alkohol. Eg har lese at også andre representantar som var med på same møtet var til stades i stortingssalen og røysta under behandlinga av budsjettet for 2007.
Som eg skriv i overskrifta skulle ein tru at det ikkje var sant at representantar i landet sitt storting er med på behandling av saker under påverknad av alkohol. Det vert tala om det som vert kalla rusfrie soner i samfunnet. Skal ikkje Stortinget med dei fremste representantar vere ei slik alkoholfri sone?
Vi høyrde i intervju forsøk på bortforklaringar. Jamvel høyrde ein at det var medrepresentantar som hadde sladra til pressa. Igjen; ein kan ikkje tru det er sant! Det var altså ikkje situasjonen som var klandreverdig, men at den vart kjend. Det vert i ulike samanhengar tala om politikarforakt. Slike situasjonar kan i alle fall ikkje vere noko godt bilete på å minske inntrykket.
Ein veit at mange i dei politiske krinsar ivrar for å gjere alkoholen så tilgjengeleg som vel mogleg. J.fr. framlegget om «skapsprit» og no framlegg om rett for alle kommunar til å få vinmonopol om dei vil. Når alt omkring alkohol skal vere så vanleggjort, kan ein vel eigentleg ikkje undra seg at nokon tek til det som til no har vore uvanleg. Men likevel; eg trur at folk flest ser med uro på at alkoholen er «innabords» i stortingssalen.
Elles les eg at fyll og spetakkel prega nyttårsfeiringa landet rundt med mykje uvettig oppskyting av rakettar. Eg tek opp att med litt vri; ein trur det er sant. Når alkoholen skal høyre til ved alle slags festlege høve må ein vente at ein får slike tilstandar. Det er derfor ikkje rart at ein får høyre og sjå i media at slik er det. Likevel melder tanken seg her eg sit ved datamaskina: Er det eit folkeønske slik ein ser spørsmålet om rikare tilgang på alkohol gjerne vert framstilt.

Osvald Nordhaug