Utfrå reportasjen får ein inntrykk av at det er uaktuelt for skulen å starta opp med spanskundervisning. Dette er feil. For å unngå mistydingar, er det naudsynt å presisera følgjande:
1. Enge skule har no kompetanse til å kunna tilby spansk. Det er ikkje starta opp inneverande skuleår, men er absolutt aktuelt seinare.
2.Fransk var nemnt som eit alternativ nr. 2 for Enge skule. Dette har ikkje vore tema. Skulen har heller ingen tilsette med formell utdanning i fransk. Derimot var eg inne på fransk i samband med språkopplæring på vidaregåande skule
3. Underteikna uttrykte at det er eit ynskje at dei vidaregåande skulane i nærområdet bør koma etter og tilby spansk for elevar som vil gå vidare med språket.
Journalisten har enten misforstått – eller tok Grannar rett og slett ein spansk ein?
Morten Odéen, rektor,
Enge skule