Rus, dop og narkotika er i dag eit stort samfunnsproblem, og fengselsleiar Olav Gjil seier at dei innsette i Sandeid Fengsel er eit spegelbilete av samfunnet ute, og difor har mange slite med rus før dei kjem dit.
— Hovudtyngda av dei som er her, er interesserte i å sone i eit rusfritt miljø, noko som vi prøver å etterkomme. Vi må heile tida ligge i forkant når det gjeld kampen mot rus. Her er slike ting bannlyste og kontrollane er mange og ofte, seier han.
Men han er ikkje meir blåøygd og naiv enn at han veit det ikkje er noko stort problem å smugle stoff inn i fengslet.
— Men her blir dei fort tatt. Det blir tatt utandingsprøver av alle som møter til soning, samt når dei innsette kjem inn igjen etter permisjonar etc. Stikkprøver blir også tatt når dei har vore ute på arbeidsoppdrag. I tråd med lovverket, kan vi også ta prøver av våre tilsette. Urinprøver blir tatt med jamne mellomrom. Vi tek også kontrollar ved bruk av narkohundar, og då fer vi over alle på kort tid. Her blir det brukt store ressursar på å halde fengslet fritt for narkotika, understrekar Gjil.
Positiv fritid
Dei som kjem på besøk i fengslet må ha skriftleg løyve gitt av Sandeid Fengsel for å kome inn. Det er laurdag og søndag det er opna for å få besøk utanfrå.
— Alle blir kontrollerte mot strafferegisteret før dei får skriftleg tilbakemelding om at dei kan få lov å kome.
— Hender det at nokon får nei til å komme på besøk?
— Ja, det hender, seier Gjil.
Trivselen blant dei innsette er viktig når det gjeld kampen mot rus og narkotika.
— Det er viktig at dei innsette har ei positiv fritid. Her får dei vere med på fotball, ski, fisketurar og fjellturar. Det er viktig å snakke saman og ha god kontakt. Alle innsette her er klarerte når det gjeld tryggleik til å sone i opa soning. Mange har starta soninga i lukka fengsel, og er blitt vurderte og klarerte for å ta slutten av soninga her. Tida dei er i Sandeid varierer, men jamleg har vi innsette med dommar på opptil fleire år, fortel Gjil.
— Men vi har ein leveregel: Det er ikkje dommens karakter som avgjer, men personane bak papira, slår han fast.
Mange av dei som sonar i Sandeid, vil heim snarast råd, og difor utset dei seg ikkje for riper i lakken eller røming. I eit ope fengsel som Sandeid, er det eit større tillitsbrot å gjere noko gale.
— Vi ber ingen kome hit, hit kjem dei friviljug, seier Gjil.
Valden aukar
Olav Gjil fortel at det er valdskapitlet som har auka mest dei siste åra når det gjeld kva fangane sonar straff for.
Fengselet har plass til 88 fangar, ved nyttår sona 23 av desse for vald, 19 for køyring i rusa tilstand og ni personar for høg fart. Dei andre fangane var fordelte på alt frå økonomisk utruskap til trygdemisbruk.
— Gjenspeglar valden ute seg også i fengselet?
— Nei, her er vald eit lite problem. Frå vi starta i 1985, har vi ikkje hatt ei einaste valdssak mot tenestemenn her i fengselet. Alt for mange kjem opp i valdssakene på grunn av helgefylla.
Gjil er oppteken av rusproblematikken, og tilgjenge av alkohol meiner han er eit stort samfunnsproblem.
— Alkoholen flyt, og dess lettare å få tak i, jo større er forbruket. Eg meiner pilskulturen er farlegare enn folk anar, særleg når den blir blanda med andre rusmiddel.
Arbeidsplikt
I 2005 mottok fengselet 976 personar til soning, og av desse var det berre tre som rømte. Grunnen til det låge talet, er nok også blant anna at det er straffbart å rømme frå fengsel, med strafferamme opp til seks månadar.
Sandeid Fengsel har arbeidsplikt, og det hender at dei får fangar inn som på grunn av mellom anna helsa ikkje kan utføre arbeidsplikta. Då blir dei overførte til lukka fengsel. Frå Sandeid blir dei fleste overførte til Åna Fengsel.
Sandeid Fengsel fekk ny organisasjonsstruktur 1. januar 2001, og vart då heilt sjølvstendig, før var fengselet tilslutta eit distriktsansvar.
Fengselet tilhøyrer region sør-vest, som har hovudsete på Sandnes. Dei innsette kjem frå distriktet Arendal i sør og opp til Kristiansund i nord, samt enkelte frå andre regionar, grunna maksimal kapasitetsutnytting på grunn av stor soningskø.
Sandeid Fengsel har 39 tilsette, med vikarar utgjer personalet omkring 45 personar.
— Dei tilsette blir heile tida profesjonelt oppdaterte på rusproblematikken. Vi bruker store økonomiske ressursar på kompetanseheving av tenestemannskorpset fordi det er ei sterk prioritert oppgåve frå Sandeid Fengsel si side, seier Olav Gjil.