Eit angrep på Vestlandsbonden og kulturlandskapet

Humøret vert ikkje betre når ein ser at midlane som tidlegare gjekk direkte til bonden, […]

Humøret vert ikkje betre når ein ser at midlane som tidlegare gjekk direkte til bonden, no skal finansiere fondsavsetningar! Staten si totale budsjettramme går i null, Vestlandsbonden betalar.
I Hordaland er dei aller fleste gardane mindre enn 200 dekar, men dei syter for eit vakkert og ope kulturlandskap. Dette gjennom variert husdyrhald med slått og beite. Takken frå Staten er å kutte 25 kroner pr. daa. for dei fyrste 200 daa. For Hordaland utgjer dette åleine 15 millionar kroner.
Det vert ikkje gitt noko ekstra støtte til beite, korkje på innmark eller utmark.
Mjølkeproduksjonsbruk skal i staden straffast med kutt på 80 kroner for dei fyrste 16 kyrne. I Hordaland er eit gjennomsnittleg mjølkebruk på 13 kyr.
Biletet er mykje det same for fruktnæringa. Alle bruk som er mindre enn 30 daa, får redusert arealtilskottet med 3.000 kroner. For mindre enn to veker sidan, vart vakre Hardanger hylla av dronning Sonja og landbruksministeren framfor eit tydeleg imponert pressekorps frå inn- og utland. Reiselivsnæringa klappa og applauderte. Kven er det som skal stelle desse hagane i framtida?
Gjennomsnittsbonden tener i dag 157.000 kroner for eitt årsverk. Det er under halvparten av kva andre grupper har i inntekt. Tilbodet frå staten vi gjere avstanden til andre grupper endå større.
Eg har likevel ikkje resignert heilt. Vi har dyktige forhandlarar i Oslo, og dei skal vite at vi er budde til å kjempe om ikkje regjeringa tek ansvar for næringa og utviklinga i distrikta.
Nett no er det gjødselspreiing og våronn. Vi bønder veit at ein må gjødsle godt for å få god avling. Politikarane skal vel og ut og sanke til hausten…..

Nils T. Bjørke,
fylkesleiar Hordaland bondelag