Det meste anna som treng tilsyn og reparasjon i den vaksne befolkninga, blir heilt eller delvis betalt av det offentlege. Men dersom ein gaper opp munnen og lar ein tannlege gjere jobben sin, stoppar tanken om lik helse for alle. For tennene er det lommeboka som bestemmer i den vaksne befolkninga. Det har vist seg å ha uheldige konsekvensar.
Dokumentasjonen på at ein ikkje ubetydeleg andel av den norske befolkninga ikkje tar seg råd å gå til tannlegen, er det Statistisk sentralbyrå som står for. Eit offentleg utval har nettopp levert forslag til endringar i tannhelsetilbodet. Utvalet foreslår gratis tenester for ei rekkje vanskelegstilte grupper. Men utvalet ønskjer ikkje gratis tannhelse for alle ved offentleg finansiering slik som i resten av helse-Noreg. Nasjonale takstar, etableringskontroll og turnusteneste for tannlegar, er nokre av forslaga utvalet lanserer. Det er eit stykke på veg, men det er neppe nok til å gi tannhelse ein like sterk posisjon som anna helse.
Den offentlege tannrøkta skaffa breie lag av det norske folk betre tenner. Innsatsen vart sett inn hos barn og unge med gratis tannlege. Men for den vaksne befolkninga melder velferdsstaten pass, og det er opp til den enkelte å betale. Det blir stadig hevda at folk har råd til tannlege dersom dei kuttar ned på meir unødvendige utgifter. Det er sant nok, men den same tankegangen kan ein bruke på vanlege helsetenester. Det er på tide at det offentlege tar eit større ansvar for tannhelsetilbodet. Sjølv med ein betydeleg eigendel vil ein likevel oppnå store effektar for tannhelsa.