Eit kollektiv av lyd

Sju-åtte meter er det blitt under taket i studio A, og lydekspertane i Lydloftet AS […]

Sju-åtte meter er det blitt under taket i studio A, og lydekspertane i Lydloftet AS er i himmelen. I midten av gamleskulen i Etne er golvet i andre etasje fjerna.
— Det er utruleg fin og jamn etterklang og ekko med denne takhøgda, seier Nils Halleland.
Lydkollega Stig Morten Sørheim nikkar samtykkande.
— Det er eit fantastisk studio. Vi har fått utruleg mykje ut av bygningen. Tilsvarande lokale ville bli vanskeleg å drive i ein by. Det blir for dyrt. Men i Etne kan vi klare det, seier Sørheim.
Han er dagleg leiar for studioet.

Rolls Royce
Dei to etnebuane er i kompaniskap med Kjetil Ulland, Reinhardt Thoresen og Knut Bjarne Bjørkhaug frå Sandeid. Dei tre sandeidbuane starta Lydloftet i Ølen i 1987. I fjor gjekk Nils Halleland og Stig Morten Sørheim inn i selskapet, og dei starta arbeidet med å lage studio i Ljoshall i Etne.
Dagen før dei skulle opne studioet, den 5. desember for snart eitt år sidan, kom så brannen som la draumen i grus. Men med god støtte frå ulike krefter både lokalt og på Haugalandet var dei i gang med andre forsøk på gamle Enge skule i april i år.
— Det er tredje studioet vi er med på å byggje opp. Det var spesielt å starte på igjen med noko nytt etter brannen, fortel Bjørkhaug.
— Vi planla ein Lada, men eg trur vi nærmar oss ein Rolls Royce, seier Thoresen

Lyst og luftig
I tillegg til at dei arbeider med lyd, har han og Bjørkhaug snikkarfirma. Dei har både planlagt og hatt hovudansvaret den praktiske jobben med ABC studio. I går var dei i innspurten med dei siste justeringane i gamleskulen.
— Det er spesielt at vi har handverkarar i stallen som har lydfagleg interesse og bakgrunn. Det har resultert i gode tilpassingar, meiner Nils Halleland.
I tillegg til at dei har fått tre studio, ABC, å boltre seg i, er sluttresultatet blitt ein spesiell bygning med nesten like mange vindauge inne som utvendig.
— Kommunikasjon og lys er sentrale element i dette. Vi kan kommunisere og ha visuell kontakt mellom alle studioa, seier Sørheim.

Studiokollektiv
Dei karakteriserer studioet som eit kollektiv der aktivitetane blir knytte til prosjekt. Målet er at musikkmiljø over eit breitt spekter skal bruke studioet, både lokalt, nasjonalt og ikkje minst på Haugalandet.
— For meg har det vore viktig å kunne byggje opp eit profesjonelt lydstudio som er med på å skape arbeidsplassar og kan fungere positivt for det kreative miljøet. Her er det snakk om å dra i lag, seier Halleland.
— Det er ein stor fordel å ha fleire studio tilgjengeleg slik at fleire prosjekt kan arbeide parallelt. For oss eigarane blir studioet ein del av fleire ting vi driv med, supplerer Sørheim.

I gang
Begge har erfaringar frå studiokollektiv i Oslo, og ser fordelar med å ha eit studio i fredelege Etne. Å spele inn ei plate er ganske intenst, og då kan det vere ein fordel å ha rom rundt seg både ute og inne.
I går var det rundt 60 inviterte gjester som deltok på opningsfesten der det var minikonsert Kine Nesheim, Caligulas Sisters, Matti Røssland og Bjørn Berge. Dei to sistenemnde har spelt inn plater på Lydloftet i Ølen. Lokale Caligulas Sisters har tjuvstarta med lydopptak med tanke på ein mini-cd.
— All den støtta vi fekk etter brannen, var skikkeleg hjartevarm. Utan den er det langt frå sikkert at det hadde blitt studio. Både kommunen og det kreative miljøet på Haugalandet stilte opp for oss, fortel Halleland.
Det er gav også litt startkapital gjennom støttekonsert. Og i går var dei i gang med ABC studio som er merkevaren til Lydloftet AS.