Eit krevjande val

Kommunenes sentralforbund (KS) har som vanleg eit klart bodskap om at anten må det meir […]

Kommunenes sentralforbund (KS) har som vanleg eit klart bodskap om at anten må det meir pengar inn i kommunesektoren, eller så må Stortinget dempe forventningane til kva det offentlege kan bidra med når det gjeld alderdom, helse og oppvekst.
Basisen i velferda skjer i regi av kommunane, og den enkelte får stadig sterkare rett til velferdsordningar som er vedtatt av rikspolitikarane. Difor er det ei viktig avklaring KS ber om.

Ser ein på KS sine tal, er kanskje optimismen svakare enn det er grunn til. Kommunane må ha seks milliardar kroner ekstra i rammeoverføringar og skatt neste år for å kome i balanse økonomisk, meiner kommunane sin interesseorganisasjon. Regjeringa har så langt sagt at det kan bli ein auke på nærmare fire milliardar.
Det er valår i 2009, og ein kan vente seg såpass store påplussingar i statsbudsjettet at kommunane vil klare seg ganske bra. Ei sitjande regjeringa har eit dårleg utgangspunkt dersom det er surmuling i kommunane. Det er der veljarane møter færre sjukeheimsplassar og kutt i skulane.

Ein kan likevel alt no slå fast at statsbudsjettet neppe vil løyse den økonomiske knipa for Vindafjord. Slik tala ser ut no, må det kuttast ein god del millionar kroner i drifta. Politikarane står overfor valet mellom å la dagens drift hangle og gå økonomisk ved å kutte så lite som mogleg, eller å gjere større grep som kan føre kommunen meir varig ut av det tronge økonomiske farvatnet. Det er eit svært vanskeleg val for politikarane, og det er ingen grunn til å misunne dei denne jobben. Endringar i skulane, eller kutt som rammar svake grupper, skapar sterke reaksjonar.