Eit liv i skuggen

Men nå skal skogen fellast, og Anna Årra skal få attende utsikten ho kjøpte for […]

Men nå skal skogen fellast, og Anna Årra skal få attende utsikten ho kjøpte for 57 år sidan.
— Det var ein fine sommar i fjor, men likevel var plommene mine grøne og sure, seier ho.
Ho let plommene hengje så lenge som råd, men likevel vart resultatet dårleg. Det at frukt ikkje veks utan sollys har den tålmodige dama fått merke, etter eit liv bak ein vegg med grantre.
— Før skogen voks til, hadde me ein grøderik hage, med all slag frukt, seier ho.
Når skogen inst i Osvågen i Etne no skal fellast, er det bokstaveleg talt eit lys i tunnelen for Anna Årra.
— Eg trur det nå mest ikkje før eg ser det, men eg må seia eg gler meg stort til å få utsikta attende, seier ho og kikkar ut på den svarte veggen.

Selskap i trafikken
Tidlegare var haldeplassen nedanfor huset hennar ein kjærkomen stoppestad for turistar, som ville nyte utsikten. No køyrer alle rett forbi.
— Det einaste eg ser om dagane er trafikken. Hadde det ikkje vore for den hadde det blitt stusseleg, det er no litt selskap i bilane som køyrer forbi, seier ho og smiler.
Noko av det som gjer skogen ekstra vanskeleg som nabo er at den er planta altfor tett, meiner Anna Årra. Ho har sjølv jobba på Etne planteskule og har greie på slikt.
— Står dei for tett, veks dei berre oppover og ikkje i breidda. Det vart planta grantre nede ved sjøen på same tida, og dei står ikkje så tett. Dei trea er kraftigare og ikkje så himmelhøge, seier ho.

Saknar sol og himmel
Den aller største plaga ved granskogen er kjensla av å vera fullstendig innestengd.
— Eg ser verken innover eller utover. No er trea blitt så høge at eg ser mest ikkje himmelen og sola heller, seier ho.
På spørsmål om ho nokon gong har prøvd å få fjerna skogen, seier ho at mannen hennar kjempa for det, men ho har ikkje orka å styre på med slikt.
— Me kunne sikkert gått til sak, men det blir så mykje sjau og spetakkel av det, og sånt likar eg ikkje, seier Anna Årra.
Dersom mannen vart ekstra lei av den dårlege utsikten og ynskte å gjere noko for å bli kvitt skogen, tok Anna han med på tur.
— Det vart betre då. Me kom oss litt vekk og fekk sjå både sjø og fjell ei stund. Me unngjekk bråk og krangling på den måten, seier ho og smiler.
No skal ho, etter femti år, få løn for tålmodet sitt; Snart kjem lyset og utsikten attende.