Eit sildrande miljøsymbol

Tvert om var han svært glad for at han fekk den litt spesielle jobben med […]

Tvert om var han svært glad for at han fekk den litt spesielle jobben med å skru på vatnet i ein foss. Og som han sa ikkje ein kven som helst foss. Langfoss er ein foss både han og andre miljøforkjemparar har kjempa for å få verna i mange år.

Langfoss er ein av dei vakraste fossane i Noreg, med vatn i fritt fall i over 600 meter frå fjell til fjord. Etne kommune kan vera stolt av å ha ein naturskatt av ein slik dimensjon innafor sine kommunegrenser. Men som Oddekalv sa i sin tale under avdukinga er det lett å ikkje sjå klart det som ligg nærmast. Det ein ser kvar dag, blir lett ein vane. Derfor er det ofte dei som kjem utanfrå som må peika kva verdi ein slik foss til dømes har.

Slik har det også vore med Langfoss. Det har vore sterke krefter både lokalt i Etne og i regionen som har sett større verdi i kraftkroner, enn verdien av ein rennande foss. Først blei Langfoss verna mot å bli tappa i sommarhalvåret. Den neste kampen stod om fossen skulle turrleggjast om vinteren. Det vil seia i den tida det ikkje er så mange turistar som stoppar og tar bilde av den mektige fossen. Med andre ord var det ikkje så nøye om ikkje dei som bur i nedslagsfeltet til fossen fekk gleda av å sjå han.

Det er som Oddekalv seier lett å bli heimeblind. Derfor er det bra at det er nokon utanfrå som opnar augo våre og gjer oss merksame på kva verdiar me har og som er vårt ansvar å forvalta. Ikkje berre for vår eiga tid, men også for kommande slekter. Me trur ikkje det er mange som ville sagt ja til å leggja Langfoss i røyr i dag. Etnebuen har derfor all grunn til å takka både Oddekalv og andre som kjempa for fossen.
Nå kan etnebuen gleda seg over både ein skulptur med sildrande vatn i ein park og ein foss som buldrar nedover fjellsida på veg mot fjorden.