Eit slag for friluftsområde

Det er prisverdig at stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn vil ta opp situasjonen for friluftsområda med partikollega […]

Det er prisverdig at stortingsrepresentant Ingebrigt Sørfonn vil ta opp situasjonen for friluftsområda med partikollega og KrF-minister Knut Arild Hareide i Miljøverndepartementet. Det skjer etter at Sørfonn, med utgangspunkt i friluftsperla Romsa, fekk ei innføring av Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd. Verken friluftsområda eller friluftsråda klarer seg utan at festtaler blir følgde opp med pengar.

Det er ikkje få som besøker Romsa og andre friluftsområde. Dei er verdfulle innslag for både turistar og fastbuande, og friluftsområda er med på å skape trivnad og naturopplevingar. Vel er det mange som har private badestrender og andre rekreasjonsområde, men det er viktig med offentlege lommer som alle lett kan finne fram til og føle seg velkomne i. Sjølv om allemannsretten gir alle rett til å ferdast i utmark, er det ikkje alltid like lett å finne fram til strender og badeplassar. Friluftsområde ved fjord og sjø er difor spesielt viktige. Det er lett å forstå at mange gjerne vil ha hytter og naust ved fjorden, men det er ikkje til å underslå at det fører til at andre ikkje føler dei kan opphalde seg fritt i det same området.

Det er ikkje berre staten som må ta ansvar for å skaffe pengar til å etablere nye friluftsområde og drive dei som er. Kommunane må også vise ansvar. Oppslutnaden om friluftsråda er stort sett god, men med jamne mellomrom er det litt murring fordi det kostar pengar. Enkelte ser også på friluftsråda som inntrengarar i den lokale eigedomsretten.
Lokalpolitikarane bør verdsetje friluftsområda og arbeide for at det blir endå fleire av dei. Dette ansvaret blir ikkje mindre i kommunar som gir mange dispensasjonar i strandsona, og dermed er med på å gjere fjord og fjøre mindre tilgjengeleg for folk flest.