Komité Folk vedtok onsdag at konsulentar skal innhenta prisar frå lokale leverandørar og kommunen sine kjøkken på varm mat. Utifrå rapporten skal dei vedta om kommunen eller private skal levera jamførte ei av visene med den norske folkevisa «Eg ser deg utfor gluggen».
Instrumentsamansetjinga varierte. Musikarane i ensemblet på sju kom og gjekk innimellom, og i blant trødde dei til med små soloar: Monica Haugan på harpe og Magne Bokn på perkusjon, til dømes. «Riu, riu chiu» – ein kraftfull, fengande og flott spansk song, og Hans Newsieldlers «Wascha Mesa» – vaskekonas dans, var mellom dei som sette seg i kroppen. Det same gjorde kjærleikssongane til Monica Malmsten, for det meste om ulukkeleg kjærleik. Det levande stemmeutrykket hennar kom særleg godt fram med songen «Occhi del´alma» av Jean-Baptiste Besard. Ved å dra stemma over halvtonar, skapte ho ein vakker, varm og lidande klang. Mot slutten av konserten tok ensemblet eit streif innom neste musikalske periode, nemleg barokken. Med Telemanns kantate «Die Landlust» endra også det musikalske uttrykket seg, og det skapte ei interessant samanlikning. Gruppa avslutta med ein renessanseklassikar: «Now is the Month of Maying» av Thomas Morley.
Det blei ekstranummer, medan temperaturen steig i det fulle konsertlokalet. Saftglas ved utgangen var eit kjærkome innslag.
Renessansegruppa The Kings Noyse har eksistert i to år. I tillegg til dei nemnde musikarane er også Frances Tagg med på fløyte og song, Carolin Eide speler fløyte og spinett, og Gunnar Inge Eide er med på spinett og song.
Skal lagast lokalt
Komité Folk vedtok onsdag at konsulentar skal innhenta prisar frå lokale leverandørar og kommunen sine […]