Eit streif i renessansen

Gruppa The Kings Noyse viste seg fram i all si vårlege prakt under konserten i […]

Gruppa The Kings Noyse viste seg fram i all si vårlege prakt under konserten i Hogganvik landsby førre onsdag. Eit breitt repertoar med musikk frå renessansen stod på programmet. Den koselege landsbystemninga i Hogganvik, saman med kjappe solgløtt inn dei store vindauga i konsertsalen, skapte ei livfull ramme. Benkeradene var fulle med folk i alle aldrar, for dette var musikk som kunne fenge dei fleste.
Songaren Maria Malmsten frå Stord var gjestemusikar. Vekselvis med Kjell Ravatn, som speler lutt, fløyter og syng i ensemblet, var ho med og krydra konserten med små forteljingar om tida og musikken. Me fekk lære om ei tid med motstridande kjensler, der det muntre og sorgtunge gjekk hand i hand. Me fekk vidare høyre om dyktige songkomponistar og dei første operakomponistane. Malmsten fortalde om kongar på reise med hoffmusikarar og lutt, og om dåtidas musikarar som måtte spele på tarmstrenger. Såleis gav dei musikken eit djupare innhald.
Kjærleikssongar
Framføringane veksla mellom det høgstemte, majestetiske og rytmiske, og det vare, vakre og melankolske. Den gjekk også ut av kongelege krinsar og inn i dei meir folkelege. Kjell Ravatn jamførte ei av visene med den norske folkevisa «Eg ser deg utfor gluggen».
Instrumentsamansetjinga varierte. Musikarane i ensemblet på sju kom og gjekk innimellom, og i blant trødde dei til med små soloar: Monica Haugan på harpe og Magne Bokn på perkusjon, til dømes. «Riu, riu chiu» – ein kraftfull, fengande og flott spansk song, og Hans Newsieldlers «Wascha Mesa» – vaskekonas dans, var mellom dei som sette seg i kroppen. Det same gjorde kjærleikssongane til Monica Malmsten, for det meste om ulukkeleg kjærleik. Det levande stemmeutrykket hennar kom særleg godt fram med songen «Occhi del´alma» av Jean-Baptiste Besard. Ved å dra stemma over halvtonar, skapte ho ein vakker, varm og lidande klang. Mot slutten av konserten tok ensemblet eit streif innom neste musikalske periode, nemleg barokken. Med Telemanns kantate «Die Landlust» endra også det musikalske uttrykket seg, og det skapte ei interessant samanlikning. Gruppa avslutta med ein renessanseklassikar: «Now is the Month of Maying» av Thomas Morley.
Det blei ekstranummer, medan temperaturen steig i det fulle konsertlokalet. Saftglas ved utgangen var eit kjærkome innslag.
Renessansegruppa The Kings Noyse har eksistert i to år. I tillegg til dei nemnde musikarane er også Frances Tagg med på fløyte og song, Carolin Eide speler fløyte og spinett, og Gunnar Inge Eide er med på spinett og song.