Eit tja til utvida skatt

Formannskapet i Ølen har sagt tja til å utvide eigedomsskatten på bustader i Vindafjord. Eit […]

Formannskapet i Ølen har sagt tja til å utvide eigedomsskatten på bustader i Vindafjord. Eit klart fleirtal opna for at rådmannen skal lage ei utgreiing om økonomi og prinsipp innan juni neste år.
I dag er det berre kommunesenteret Ølen som betaler eigedomsskatt i den nye kommunen.

Fleirtalet vente
Når kommunepolitikarane skal seie ja eller nei til eigedomsskatt til våren, skal dei også ro i land ei innsparing på over 13 millionar kroner. Det er også grunnen til at det er fleirtal for å få vurdert eigedomsskatten for fleire område i den nye kommunen, trass i at fleirtalet i utganspunktet er mot denne skatten på budstader.
Å behalde eigedomsskatt på verk og bruk, er det uansett fleirtal for. Også Høgre og Frp er for skatt på verk og bruk, medan dei i formannskapet sa nei til denne skatten på bustader. Høgre og Frp er så langt dei einaste som har tona flagg i skattesaka.

Treng pengar
Med unntak av Høgre og Frp vil dei fleste politikarane vente til våren med å ta endeleg standpunkt til eigedomsskatt på bustader. Motviljen er i fleirtal, men mangelen på pengar kan få mange på glid. Dei mest skattevillige er KrF, Sp og Ap, og dei tre bygdelistene kan bli tunga på vektskåla når spørsmålet skal avgjerast i juni neste år.
Ordførar Arne Bergsvåg vedgår at han mest sannsynleg går inn for å utvide til eigedomsskatt for heile Vindafjord i ei eller anna form.
— Vi vil vurdere potensialet i eigedomsskatten først. Få ønskjer eigedomsskatt, men vi treng samstundes auka inntekter. Det er lite realistisk å avvikle skatten heilt, og då må vi få eit meir rettferdig system, seier Bergsvåg.

Ikkje hurra
Oddvar Haugland (KrF) ropar ikkje hurra med tanke på å utvide eigedomsskatt på bustader i Vindafjord, men han trur det kan bli eit nødvendig vonde for å kunne yte gode nok tenester.
— Ei eventuell utviding av bustadskatten til fleire område vil også vere ein meir rettferdig skatt, seier han.
Terje Kleiven i Skjold/Vats bygdeliste stemte også for å utgreie utviding av skatt på bustader i Vindafjord i formannskapet. Men han er prinsipielt motstandar og det skal mykje til for at han vil gå inn for utviding.
— Verk og bruk er greitt, men eg er meir for å fjerne i Ølen enn å utvide til fleire område. Eg er ikkje for at landbrukseigedommar skal vere unntatt, seier Kleiven.

Berre Ølen
Ingrid Steinsland i Krinslista for Bjoa er i utganspunktet for å behalde eigedomsskatt i Ølensjøen og la vere å innføre andre stader. Ho meiner kommunesenteret er i ein spesiell situasjon med ei rekkje tilbod. Difor vil ho forsvare å ha denne skatten i Ølen, og at det difor ikkje er urettferdig at Ølensvåg, Skjold, Sandeid og Vikedal slepp unna.
Marit Aga Hustvedt (Ap) er personleg mot eigedomsskatt, men ho vil vente med å ta endeleg standpunkt til meir fakta er på bordet.
— Eg ser at tenester kan bli sette opp mot eigedomsskatt. Det er eit val vi må ta til våren, seier ho.