Eit viktig verdival

– Men partia er så like, og alle lovar godt nå i valkampen, seier du. […]

– Men partia er så like, og alle lovar godt nå i valkampen, seier du. Eg er samd i at det er ikkje stor skilnad mellom partia når det gjeld økonomi og meir eller mindre nyttige materielle saker. Men når det gjeld ideologi og viktige verdival, er det stor skilnad, som du og eg må ta stilling til. Skal me vanlege borgarar få lov å velja sjølve t.d. omsorgsløysingar, eller skal staten, politikarane bestemma alt, velja for deg og meg?
Dette vert eit regjeringsval. Skal samarbeidsregjeringa til Bondevik som i fire år har styrt landet vårt godt få tillit og halda fram? Eller skal ei raud–grøn regjering av AP, SV og SP føra Noreg ut i venstre–sosialistisk retning?
Bondevik–regjeringa har innført kontantstøtta slik at småbarnsforeldre kan få velja omsorgløysing for barnet sitt dei første leveåra. Eit stort fleirtal av unge vaksne vil behalda kontantstøtta. Men AP, SV og SP vil ha den vekk. Foreldra bør ikkje få velja, alle born skal i barnehage snarast dei vert fødde.
Bondevik–regjeringa har også innført skattefrådrag for gåver til friviljuge organisasjonar for tida 12 000 kroner, men KrF vil føreslå å auka denne neste år. AP og SV vil ha denne ordninga vekk. Dei prioriterer ikkje friviljuge organisasjonar så høgt.
AP og SV har programfesta at dei vil endra ekteskapslova og innføra kjønnsnøytrale ekteskap, dvs at to personar av same kjønn kan inngå ekteskap. Dette meinar KrF er klart i mot Guds bod og skaparordning.
Ingen må sitje heime valdagen, bruk røysteretten din og avgjer kva kurs storting og regjering skal styra etter.

Einar Grønstad