Statsskog hadde denne gongen lagt styremøtet til Vestlandet. Og etter at møtet var unnagjort i Bergen tysdag, tok dei onsdag båt sørover til Ånuglo i Tysnes og Romsa i Ølen. Der blei dei tatt imot av representantar for kommunen, Kystlaget Romsa og Nord-Rogaland og Sunnhordland Friluftsråd. Dagleg leiar i friluftsrådet, Oddvin Øvernes og styreleiar Svein Ivar Langhelle, takka Statsskog for deira innsats for Romsa-øyane og det gode samarbeidet med friluftsrådet.
Langhelle minna om at det var takka vera Statsskog at området blei sikra for ålmenta. Det var i 1990 Statsskog saman med Direktoratet for Naturforvaltning kjøpte Romsa-øyane. Det noko uvanlege sameiget har fungert utmerka i desse 15 åra. Langhelle fortalde at Statsskog har opna landskapet på øyriket, sist ved uttak av 3.500 kubikkmeter skog for åtte år sidan.
Styreleiar Kristi Kolle Grøndal var på si side full av lovord for det ho fekk sjå. Ho sa at Statsskog ikkje er ei fjern makt, men vår felles eigedom. Ho fortalde at i Statsskog var dei blitt meir og meir opptekne av å sikra friluftstiltak for ålmenta. Av den grunn er dei nå i ferd med å skifta namn som er meir dekkande for føremålet. Ho sa det varma henne stort å sjå breidda av organisasjonar og folk som gjer ein innsats for å ta vare på friluftsområda, og gav spontant 20.000 kroner i neven til friluftsarbeidet på Romsa.
Dei har all grunn til å vera stolte, både eigarar og brukarar. Romsa er blitt ein juvel i hamnebassenget i Sunnhordland. Med si strategiske plassering frå naturen si side, er dette øyriket eit ynda mål for båtfolk frå heile Sunnhordland, og vidare med. Organisasjonane og friluftsrådet, som har fått i oppgåve å halda området i stand, gjer ein framifrå jobb. Og som det blei sagt på synfaringa, er eit godt samarbeid mellom partane heilt avgjerande for eit godt resultat. Det er Romsa-øyane det beste døme på og er såleis eit godt eksempel for andre.