Det er ikkje ofte ein får sjå noko anna enn stjerner og stjerneskot ved sida av månen på himmelen etter at sola har gått ned. Ved midnatt tysdag i sist veke, fekk Jan Christian Kolstø og sambuar Tone Jørstad og foreldra hans oppleva eit uvanleg syn frå hytta i Isvik.
— Me sat på kaien og kosa oss etter VM-kampen då me plutseleg såg eldkula på den klare himmelen, seier Jan Christian Kolstø. Han fortel at eldkula kom til syne i søraust like over Nes i Skjold. Eldkula raste så nesten vassrett på skrå mot vest.
— Ho hadde ein hale av eld etter seg, og brennande bitar fall av undervegs, seier han.
Det paradoksale oppe i dette uvanlege synet, var at far til Jan Christian Kolstø, Jan Henrik Kolstø, som er lidenskapeleg interessert i astronomi, gjekk glipp av dei få sekunda eldkula var på himmelen. Berre nokre få minutt før eldkula viste seg, hadde han stått på kaien med stjernekikkerten og sett opp på himmelen.
— Viss det var nokon som skulle få sjå dette, var det i alle fall far min, som er lidenskapeleg interessert i astronomi. Dessverre sat han med ryggen til akkurat i dei sekunda det skjedde, seier Kolstø. Dagen etter synet kontakta Kolstø Norsk romfartssenter og fortalde om det han hadde sett.
— Dei var interesserte i observasjonen og skulle undersøke det nærare, men truleg har eldkula brunne opp i atmosfæren, og ikkje etterlete seg bitar på jorda.
Eldkule på himmelen
Det er ikkje ofte ein får sjå noko anna enn stjerner og stjerneskot ved sida […]