Eldre vil at politikarane skal lytte

Aase Handeland (84) har svaret parat om kva ho meiner om at politikarane i Vindafjord […]

Aase Handeland (84) har svaret parat om kva ho meiner om at politikarane i Vindafjord vil innføre middagar til dei eldre etter kok/kjøl-metoden for å spare pengar.
— Alle her forstår at det dreier seg om oppvarma mat same kva politikarane seier. Og vi veit kva vi meiner om oppvarma mat. Alle forstår at det må bli dårlegare, seier Aase Handeland.
Det er ingen positive ytringar rundt bordet i kantina på Ølen omsorgssenter når nytt kjøkkenregime er tema.
Det er klart for pølse, potetstappe og grønsaker presis klokka eitt for dei 16 til bords. Nokre er pårørande, men dei fleste bur i omsorgsbustader, sjukeheimen eller har hatt dagen på dagsenteret. Også eldre som bur heime kjem til kantina for å få seg ein middag.
Vår mat
Alle ser på Aase Handeland. Dei gav ho oppdraget med å skrive innlegg i lokalavisa for å protestere mot oppvarma mat. No må ho målbere det dei har på hjartet: Ingen vil ha oppvarma mat same kva ein kallar den.
Ho gjentar forundringa over at politikarane skal vere smaksdommarar for kva som skal vere godt nok for eldre. Politikarar som ikkje har plass rundt dette bordet når kommunal middag blir servert.
— Det er første gongen nokon kjem utanfrå og spør oss om kva vi meiner. Vi meiner mykje om mangt, men det er ingen som spør oss. heller ikkje om maten vi skal ete, seier Handeland.
Ho bur i omsorgsbustad rett over vegen og et middag på kantina ganske ofte.
Ho vender blikket mot Bjarne Tvedt og vil ha litt drahjelp.
— Eg er samd i alt det Aase seier. Vi vil ikkje ha det. Vi treng så god mat vi kan få, ikkje dårlegare, er vurderinga hans.
Amper stemning
— Eg vil skryte av politikarane i Etne som har smakt maten og ikkje vil servere dei eldre oppvarma middag. I Ølen er det visst annleis. Det verkar som det er godt nok dersom dei sparer pengar. Tenk det!, seier Aase Handeland.
Ho fortel at det var amper stemning då dei las om politikarar som synst maten er god, og at dei ikkje alltid har like god mat heime.
Opplysninga om at fleire av politikarane har smaka såkalla sous-vide gjer lite inntrykk, og smaksdommen blir avfeia som lite truverdig.
— Politikarane er på villspor. Dei kan ikkje ha greie på mat. Berre maten har vore i kjøleskapet nokre timar, så er det stor forskjell, seier Ole Rørheim. Han har hatt fartstid som kokk i marinen.
Bergsvåg sitt kjøkken
— Eg lurer litt på kjøkkenet til ordførar Bergsvåg som seier at oppvarma mat er betre enn det han har heime. Anten lagar han dårleg mat, eller så kan han ikkje bedømme mat. Det har ikkje noko med korleis vi eldre skal få middagen vår, seier Aase Handeland.
Dei skryt over maten dei får frå grytene ved Ølen omsorgssenter. Ole Rørheim meiner dagens måltid er barnemat. Pølser og potetstappe er ikkje noko for han, men elles er han nøgd. Og neste dag er det komler og saltkjøt.
Odelie Mabel Svalland bur i omsorgsbustad på Bjoa og er på besøk i Ølen. Ho har tidlegare hatt eit opphald på sjukeheimen i samband med ein operasjon. Ho har ein viss ekspertise som kokk med ein yrkeskarriere som stuert i HSD, og kokke for store lag i bryllaup og anna.
Ta av matfatet
— Eg har også vore innom forskjellige sjukehus og veit kva kvaliteten på mat betyr. Oppvarma mat er oppvarma mat uansett. Når ein koker i stort, blir det ikkje det same som heime. Vi treng ikkje at kvaliteten blir ringane. Oppvarma mat er det simplaste, seier Odelie Svalland som lagar dei fleste middagane sine sjølv.
Ho legg også vekt på at maten skal sjå fin ut og vere appetittvekkande.
Aase Handeland håpar ho har gjort jobben sin på vegner av heile middagsgjengen. Håpet er at politikrane høyrer på dei, og sluttar å jakte på sparte kroner på middagstallerken til dei eldre.