Eldrefest med biskopen

— Alle eldre i Vindafjord er inviterte til festen. Det var formannskapet som oppmoda oss […]

— Alle eldre i Vindafjord er inviterte til festen. Det var formannskapet som oppmoda oss om å stelle til eit samkome på tvers av dei gamle kommunegrensene, seier Dominikus Bjordal.
Og samlingsfesten blir i Ølen samfunnshus førstkomande fredag.

I vårens teikn
Spesiell gjest som også skal ha tale for dagen, er biskop Ernst Baasland. Dessutan blir det kulturelle innslag frå kulturskulen, og Kjell og Guri Ravatn skal bidra med innslag. Ordførar Arne Bergsvåg skal opne festen og stabsrådgjevar Hilde Haraldseide i Vindafjord kommune skal snakke litt om dei eldre sin situasjon i den nye kommunen.
— Invitasjonen går til alle eldre som har lyst til å kome og vi har i alle fall plass til 300. Det blir tre-fire timar i vårens teikn med mykje song. Eg trur det blir ei triveleg stund som kan samle mange. Det er viktig å bli litt betre kjende i det nye kommunen, seier Bjordal.
— Mat blir det også. Betasuppa er bestilt, seier eldrerådsleiaren.