Det er alltid snakk om budsjetter, og det å overhalde desse. Me bør tenke nytt og følge med tiden, når desse linjene skal settes.
Nå har det seg slik at det er på «vei» ein ny generasjon eldre, som våger å kreve, og veit å sette seg til motmæle om kva og korleis dei vil ha det, heldigvis.
Kvifor ikkje sette opp fleire forslag (idear), opp imot ein annan, og sjå på om det er så store budsjettsprik, dersom f. eks. klientane på syke/aldersheim og omsorgsboligane får velge etter meny, kva dei vil ha pr. dag eller veke. La deira ønske råde, så godt det lar seg gjera.
Registrerer at ønske er å spare 2,5 stillinger. Effektivitet, planlegging er «roten» til god økonomi. La avdelinga få eit budsjett å forholde seg til, der alle på avdelinga er involvert, dette bevisstgjer personalet, som kan og bør gi avdelingane positiv virkning.
Haugland like den frosne og oppvarma maten, og gir inntrykk av at då er den god nok til våre eldre. Dessverre, så er det ikkje så mange måtar å gjera det på ang. levering av middag, for klientar som bur heime, dersom ikkje det blir f. eks. gitt meir midler, slik at det vert auke i hjemmehjelpsordningen. Ein rett bør dei eldre ha, som bur heime, er at dei kan få velge kva mat dei vil/ønsker å få sendt heim, videre også kartlegging av om klienter må ha spesialkost, maten most osv.
Kvifor skal dei heimebuande, eldre få annenrangs mat?
Me må tenke nytt innen eldreomsorgen i Nye Vindafjord. Me må setta det i «høgsete», eldreomsorgen skal og bør ha «rom» for alle ønsker og behov, og det bør Nye Vindafjord kommune tilstrebe til det ytterste.
Videre så vil arbeidsgrupper at alle demente-pasienter skal vera i eiga spesialavdeling i Vats, og i eiga avdeling i Ølen skal det vera sengepostar for rehabilitering. Me har tru på at det å samla all kompetanse og fagpersonell i eigne avdelingar gir eit høgt fagnivå, som vil komme pasientane tilgode. Ein vil klare å utvikle og gi ei effektiv og god behandling og pleie.
Men, denne prosessen må modnast over tid, pasientane som bur i avdelingane nå, bør ikkje flyttast på. La dei vera i fred, prosessen bør vera at pasientar, som kommer nye inn ved syke/aldersheimar, danner det nye prosjektet innen eldreomsorgen ved syke/aldershjemmene.
Det er nå det kjente og kjære, som er best for dei, og for meg og deg. Pårørende er ofte den som snakker den eldres sak, så ang. denne saken, må de nok stå på overfor øvrigheta.
Husk jorda blei ikkje bygd på ein dag, ikkje Nye Vindafjord kommune, heller.
La oss ha respekt for dei eldre, og gi dei det dei verkeleg fortjener:
Ein verdig alderdom!
Eldreomsorg i Nye Vindafjord
Det er alltid snakk om budsjetter, og det å overhalde desse. Me bør tenke nytt […]