Elektrisk anlegg truleg brannårsak

— Me har mistanke om at det kan ha noko med det elektriske anlegget å […]

— Me har mistanke om at det kan ha noko med det elektriske anlegget å gjera. Det elektriske utstyret blir sendt inn til laboratoriet. Kor vidt det har vore feil på noko av dette må konstaterast på laboratoriet og om det kan ha vore årsaka, seier lensmann i Etne, Jan Erik Matre.
Det endelege svaret på brannårsaka vil truleg ikkje komma før om fleire veker, dersom ein i det heile tatt finn ut av det.
— Det er ingenting som tyder på at noko straffbart kan ha skjedd, seier Matre.
Ungdomslaget Fram møter i dag forsikringsselskapet og vil truleg då få vita meir om kva dei dekkjer etter brannen.