I samband med Kunnskapsløftet skal fylkestinget i Hordaland vedta ein ny struktur ved dei vidaregåande skulane i fylket i midten av desember. Nye tilbod er vurderte etter ønske frå dei enkelte skulane.
Etne vidaregåande skule har i dag 60 elevplassar, men dersom det nye tilbodet blir gjennomført, blir det 111 plassar i Etne.
Kunnskapsløftet med den nye strukturen skal gjelde frå august 2006.
Media og design
Den nye reforma er både for grunnskulen og den vidaregåande skulen. Både innhald, struktur og organisering av skulen er i endring. Og tilboda får nye namn.
I denne samanhengen er skuletilbodet for den vidaregåande skulen vurdert. For Etne vidaregåande skule betyr det ei relativt sett omfattande satsing når elevtalet blir dobla.
– Skulen skal få heile løpet i mediefag og kommunikasjon, vg 1-2-3. Det betyr eit nytt tredje år for dei som ikkje går ut i lære.
– Dagens grunnkurs formgjevingsfag går ut og blir erstatta av vidaregåande trinn 1 (vg1) med design og handverksfag. Vg1 er det nye namnet på grunnkursa. Frå hausten 2007 blir det eit vg2 i interiør og utstillingsdesign.
– Det tidlegare grunnkurset i mekaniske fag blir omdøypt til teknikk og industriell produksjon vg1. Det nye er at skulen får separate klassar i det vidaregåande trinnet for køyretøy og maskiner.
Ikkje i Ølen
— Det har lege litt i korta at det skulle bli ei slik utviding. Det betyr ei klar styrking av skulen, og det er positivt for Etne å få ein større vidaregåande skule, seier rektor Ivar Fredriksen ved Etne vidaregåande skule.
Han seier Hordaland har god kontakt med Rogaland når det gjeld linjevalet i Etne.
— Med unntak av grunnkurs i mekaniske fag, har vi neste år ingen linjer som konkurrerer med Ølen vidaregåande skule. I dag er det fritt skuleval og alle konkurrerer med alle om elevane. Difor ser eg ikkje at ei utvikling i Etne betyr svekking av skulen i Ølen, seier Fredriksen.
Konkurransen om elevane kjem i like sterk grad frå skulane i Haugesund, meiner han.