Elva i Vikedal og fiskebestanden i den

Så her er det lite meir å henta. For å få auka produksjonen ytterligare bør […]

Så her er det lite meir å henta. For å få auka produksjonen ytterligare bør ein ta heile elva i bruk. Det vil eg tru alle tenar på i framtida. Det meste er mogeleg i dag, der det er vilje er det veg.
Bygg trapper i Låkafossen, det er fullt av gode gytestadar ovanom den. Truleg vil grunneigarane ovanfor Låkafossen òg vera interessert i å få inntekter av elva. Her bør difor først og fremst dei koma på bana dersom interessa er tilstades. Eg vil ikkje sjå bort frå at produksjonen i elva kan dobblast berre med det tiltaket. Vindafjord kommune har sikkert ein eller anna tiltakssjef som her kunne yta noko positivt for Vikedal. Det ville verta til nytte for ålmenta samstundes som det vil styrka næringsgrunnlaget i bygda.
Så har eg samstundes lyst å slå eit slag for sjøauren i elva her. Det er trist å sjå at den fine auren i elva nærast er utrydda. Kva som er årsaka kan diskuterast, men å setja inn tiltak for å hjelpa sjøauren kan gjerne betra situasjonen. Kanskje kan Sauda Jeger og Fiskerforeining vera interessert i å hjelpa til med å berga aurestamma her. Få til ein avtale med klekking av yngel som kan setjast ut i alle små bekkar og sideelvar både nedom og ovanom Låkafossen.
Eg har høyrt, og det undrar meg, at det ikkje er lov å setja ut yngel i elva her på grunn av forsking. I andre elvar set dei ut mengder av yngel, til og med i Nidelva. Det kunne gjerne vore like høveleg å forska i den elva, då hadde vesentlege diett- løns- og reiseutgifter vore sparte på forskingsreiser frå distriktet der – samstundes som eit lite bygdesamfunn kunne fått gleda og nytta av ein fin og aukande aurebestand i elva.
Håpar eg med dette lesarbrevet har tent ein liten gnist hjå dei rette folka slik at tankane kan medverka til ei positiv utvikling for fiskebestanden i Vikedalselva.

Torleif Grimås