En underfull Frelser

To andre songar av han står i Sangboka «Det var en som var villig og […]

To andre songar av han står i Sangboka «Det var en som var villig og dø i mitt sted» og «Tenk når jeg min Frelser skuer». Det er ein samanheng mellom desse songane. Det handlar om kven Jesus er, – kva Jesus har gjort og lengselen etter å få sjå Jesus.
Korleis gjekk det med oss dersom me verkeleg forstod kven Jesus var, – då ville bibelen takast ned frå bokhylla. Folk ville samlast om ordet, tala saman om det. For det andre, tenk om me menneske forstod kor bruk me har for Jesus. Korleis han vil gjera oss «evig» rike. «Eier du Jesus, da eier du alt. Taper du Jesus, da taper du alt», vert det gjerne sagt. Ei anna strofe: «Alt det du treng for himmel og jord, er gløymt i det eine ord, Jesus». Skal me «betrakta» han ei lita stund. Paulus skriv: «Han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit røva bytte og vera Gud lik, men gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik. Og då han i si ferd vart funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og var lydig til døden, ja døden på krossen». Korleis gjekk det med oss dersom me forstod kven Jesus verkeleg var. Då ville me tilbe han, lovsyngja han som vart slakta og med sitt blod kjøpte oss til Gud med sitt blod. Må det verta eit Godt nyttår for oss alle.
Erik J. Grønstad