Endeleg gang- og sykkelstig

Ersland Bygdelag vart stifta i 2001 av den enkle grunn at bygdefolket i Skjold ville […]

Ersland Bygdelag vart stifta i 2001 av den enkle grunn at bygdefolket i Skjold ville ha ein instans som kunne pressa på vegprosjektet på Liaheia. I mangfaldige år har bygdefolket i Skjold kjempa for utbetring av den ulykkesramma traseen på E134. Fyrste gong Vegvesenet stakk ut utbetring av vegen, var på byrjinga av 60–talet, så ein kan trygt seia at ting tar tid. I alt er det 65 husstandar med i bygdelaget, som no jublar over endeleg å ha kome i mål.
— No kan me endeleg senda ungane på tur ned til besteforeldra aleine. Det har ikkje vore mogeleg tidlegare, seier ein glad Bjørn Leif Wannberg.

Ikkje ferdig
Sjølv om ein no køyrer på ny veg over Liaheia, er ikkje prosjektet ferdig. Den nye vegen vart opna av den grunn at Vegvesenet skal gjera ferdig sidevegane. Heilt ferdig med hovudvegen og sidevegane fram til bedehuset skal dei vera i byrjinga av oktober. Då vert det storstilt opning og feiring.
— Eg vonar at Reidar Håvås kan stå for opninga, han har gjort ein formidabel innsats for oss, seier Bjørn Leif Wannberg.

Ekstra bonus
Prosjektleiar i Vegvesenet, Tor Kåre Austerheim, er svært nøgd med prosjektet.
— Me hadde pengar til overs, og kunne difor i tillegg til det som var planlagt, laga 550 meter gang- og sykkelstig i tillegg. Eg vil takka for kjempegodt samarbeid med Ersland Bygdelag, dei har gjort ein utruleg flott innsats, seier han.
Heile prosjektet, inkludert den siste biten med gang– og sykkelstig, reknar han med skal vera ferdig til 15. november.