Engasjement

Ein ting er at ein føler ein får lite igjen for å engasjera seg. Å […]

Ein ting er at ein føler ein får lite igjen for å engasjera seg. Å gå inn i lokalpolitikken krev mykje tid. I tillegg er ein gjerne nøydt til å ta upopulære avgjersler. Det er vel omtrent berre fotballdommarar som får meir kjeft enn lokalpolitikarar som har gjort «feil» prioriteringar.

Ein annan ting som heilt klart også spelar inn er at mange som har engasjert seg i lokalpolitikken ikkje føler at dei har innverknad på kva politikk kommunen skal føra. Mykje av politikken er avgjort før den kjem på bordet til lokalpolitisk handsaming. I små kommunar med svak økonomi, er det gjerne stort rom for visjonar men lite von å få gjera noko ut av visjonane.
Tidsbruken er ei av hovudårsakene til at mange vel vekk politikken. Mange har krevjande jobbar, og skal i tillegg ha tid til hus og familie. Når det då i tillegg vert lite engasjerande med lokalpolitikk, er det lett å velje vekk eit slikt engasjement.

At situasjonen er slik er lett å forstå. Likevel er det eit problem at det er blitt slik, og dette er noko ein må gripa fatt i. Eit fungerande lokaldemokrati er nemleg eit vilkår og grunnlaget for eit godt demokrati på landsbasis. Høg deltaking i politikken, spesielt lokalt, er det som sikrar at avgjerslene blir gjort har legitimitet blant folk flest. Utan større lokalt engasjement vil kommunane etterkvart kanskje mista statusen som organ for fellesskapet. Ein ser allereie i dag teikn på at mange ikkje føler lokalstyra styrer etter det folk flest vil.
Men kritikken har ikkje legitimitet frå kritikkarar som sjølv likar seg best i godstolen og kan ta dei populære standpunkta derifrå. Politikk handlar om å prioritera og gjera val som kanskje ikkje alltid er like populære, men som er til det beste for fellesskapet. Jo fleire som deltar, anten aktivt i parti eller ved å røyste, jo betre forankra blir dei ulike avgjerslene ute blant innbyggjarane.