Englevakt i brusvikt

Anleggsarbeidaren, ein etnebu i førtiårsalderen, hadde englevakt. Han vart liggjande i klem nede i den […]

Anleggsarbeidaren, ein etnebu i førtiårsalderen, hadde englevakt. Han vart liggjande i klem nede i den fløymande elva, men greidde å frigjera seg og koma seg på land. Der fekk han tilkalla hjelp, og han vart sendt til lege. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at mannen ikkje er alvorleg skadd.
Arbeidstilsynet er varsla om ulukka. Då Grannar gjekk i trykken, var det ikkje avklara om dei kjem på befaring.

Mjølk i fare
Fire gardar er isolerte. Den eine av dei har mjølkekyr, og skulle etter planen ha levert mjølk til meieriet i dag. Entreprenørfirmaet Veidekke hadde 31 anleggsarbeidarar inne i det isolerte området. Dei vart evakuerte ut over ei hengjebru på Østebø. Lensmann Ingvar Gjærde stod vakt ved brua, medan politibetjent Bernt Arne Skjold noterte ned namn etterkvart som dei var komne over. Kort tid før evakueringa fløymde Rødneelva ein meter over det låge midtpartiet på hengjebrua, men vassføringa i elva minska ut over føremiddagen.
— Nå skal me ta oss ein tur rundt til dei fastbuande, og sjå om dei har det bra, sa lensmannen etter at evakueringa var avslutta.

Provisorisk bru
Veidekke er i full aktivitet med kraftutbygginga i Rødneelva, og dei har nå kome i ein vanskeleg situasjon. Brua som har rast saman var den einaste farbare vegen inn i og ut av anleggsområdet.
Få timar etter at brua rasa saman, såg prosjektleiar Øyvind Dietrichsen betenkt ut. Han kunne ikkje seia konkret kor store utsettingar og eventuelle meirkostnader dette vil resultera i, for entreprenøren og for oppdragsgjevaren.
— Me vert forseinka, det er heilt sikkert, men me veit ikkje kor mykje. Det er avhengig av kor lenge det går før det me kan koma over brua, seier Dietrichsen.
Det kan vera på tale med ei provisorisk bru, slik militæret brukar, inntil ein får varige ordningar på plass. Vegen vart nedklassifisert frå kommunal til privat veg for eit par år sidan, og det er difor opp til grunneigarane korleis dette vert gjort.
Teknisk sjef Tor Gunnar Skaar i Vindafjord kommune opplyser at teknisk etat ikkje er involvert i denne saka. Etter det han kjenner til, skal Haugaland Kraft ha ein avtale med grunneigarane om bruken av vegen i samband med anleggsarbeidet.