Enkel oppskrift på suksess

Jakob Hatteland vil ikkje ha så mykje snakk om eigen innsats, men viser til at […]

Jakob Hatteland vil ikkje ha så mykje snakk om eigen innsats, men viser til at det er alle dei han har rundt seg, som har gjort suksessen mogleg. Gründaren meiner oppskrifta på suksessen er enkel, og at nøkkelen til å lykkast innan business handlar om dei same prinsippa som på andre område i livet. Det botnar om tillit i alle ledd. Og så må ein tola å gå på trynet, noko han etter eige utsegn gjer nærmast dagleg. Det viktige er å reisa seg igjen for å komma vidare.

Sjølv om dei aller færraste av oss klarer å oppnå ein så eventyrleg suksess som Jakob Hatteland og hans folk har gjort, er oppskrifta som han seier ganske enkel. Ein må vera til å stola på. Når ein har lova noko, må ein halda det. Og så må ein kunna reisa seg å sjå framover etter å ha gått på trynet. Ei god ballast å ta med seg for nokon kvar.

Når me høyrer om suksessbedrifter i dag, er det helst snakk om botnlinja. Det er den som er alfa og omega. Me høyrer mindre om etikk og moral. Det er derfor befriande med ein bedriftsleiar som har tillit i alle ledd som si rettesnor for suksess. Og det har han ikkje tapt på. Tvert om er det ikkje mange som kan skilta med så fine tal på botnlinja som han.

I morgon reiser den sindige vatsbuen til Oslo for å vera med på kåringa av Ernst & Young Entrepreneur Of The Year 2005. Han er ein av 24 nominerte til den prestisjetunge prisen. I finalen deltar også Øystein, Arne og Noralf Matre frå Westcon og Atle S. Berge frå Ølen Betong. Sjølv har ikkje Vats-gründaren hatt tid til å tenkja så mykje på kvar han og dei andre hamnar. Han tar det som det kjem.
Me ynskjer lykke til med finalen i Oslo Konserthus i morgon.