Ennå vondt å fortelje

— Når du har vore ved fronten i fem år, så gløymer du ikkje. Det […]

— Når du har vore ved fronten i fem år, så gløymer du ikkje. Det var så sterke opplevingar. Det gjer framleis vondt å fortelje, seier Johan Byrkja.
Han sit i lenestolen sin heime i Austreimsbygda i Skjold, der han bur saman med kona. Rundt han står bilete av ein stor familie med barn, barnebarn og oldebarn. Førre veke var han i Stavanger og blei heidra med ein russisk jubileumsmedalje. Den finaste så langt, meiner han, og viser fleire medaljar.
Byrkja deler minne frå krigshandlingane til sjøs, og det er ikkje fritt for at tårene kjem fram i augnekrokane. Han tenkjer framleis mykje på kameratane som ikkje greidde seg dei fatale åra. At han sjølv kom levande frå det skuldast flaks, slumpetreff og tilfeldigheitar, slår han sjølv fast. Faren for torpedering og død var heile tida svært nær, men det nytta ikkje å vere redd.

Lønn lokka
— Ein kan ikkje gå rundt og vere redd i fem år. Me laut ta time for time. Me hadde små sjansar. Me såg drepne folk heile tida, fortel den snart 88 år gamle mannen.
Han var 21 år då han reiste til sjøs som dreng. God lønn var mellom det som freista han.
— Eg tenkte ikkje på at krigen skulle komme. Det hadde vore ein krig før og. Då var far ute som nøytralitetsvakt, og det var ikkje eit menneske som leid noka naud her då. At eg skulle vere fem år i ein blodig front, tenkte eg ikkje på.
Andre verdskrig braut ut berre kort tid etter at han hadde mønstra på sitt første tankskip. Skipet hadde nettopp lagt til land ved Norfolk i Virginia med ei salpeterlast frå Chile, då meldinga kom om at tyskarane hadde invadert Noreg.
Etter kvart mønstra Byrkja av skipet han var på til å byrje med, og fekk jobb på eit nytt: «Torshavn», som var Noregs største lastebåt på den tida.

Blei torpedert
Trass i mange sterke scener til sjøs, slapp båten han var på unna ei god stund.
— Det gjekk godt i to år med «Torshavn», før me blei torpederte i Karibien. Eg låg og sov. Det var ein så enorm eksplosjon. Me måtte kome oss i livbåtane så fort som berre det.
Ein amerikansk destroyar berga dei overlevande og tok dei inn til ei øy utanfor Venezuela. Etter kvart kom Byrkja seg derfrå og vidare til New York, der han mønstra på «Morgenenen» frå Austlandet. Sjølv om torpederinga hadde skremt han, fekk han råd om å reise rett ut igjen.
— Eg tenkte berre på å komme meg ut igjen, men me feira jul på land først. No byrja han å reise i den såkalla Murmansk-farten.

Nære på
— Me reiste mellom Bjørnøya og Noreg. Tyskarane såg på oss heile tida, og dei visste kor me var. Det var nifst, vedgår han.
Byrkja hugsar spesielt ein episode, då han var sikker på at hans siste stund var komen. Eit tysk krigsskip, ein såkalla raider, kom heilt opp til skipet han var om bord i.
— Eg hugsar eg høyrde klokka på veggen tikka, og eg tenkte at dette var siste sekund. Begge stod og sikta. Men plutseleg svinga raideren av og fór. Me følgde etter, for me rekna med at han kom til å snu. Men han gjorde ikkje det. Då snudde me og, og fór det me var gode for.
Kva den tyske kapteinen eigentleg tenkte, har Byrkja aldri fått svar på. Men han har sidan fått kommentert at det å komme levande frå ein raider, var mest utruleg.

Sterkt samhald
Då krigen slutta, var han i Russland. Det blei ein tungvint heimveg. Han måtte mønstre på fleire skip før han endeleg kom seg på norsk jord i oktober 1945. Tilbake i Skjold kunne han ta over garden å gifta seg med Agnes. Dei hadde ikkje sett kvarandre på seks år.
— Eg blei overgitt mange gonger då eg kom heim. Det var akkurat som her ikkje hadde vore krig, seier han.
Byrkja trur det har vore vanskeleg for dei fleste å skjøne kva krigssiglarane eigentleg måtte gjennom i åra med krig.
— Når du vassar gjennom lika av kameratane dine gong på gong, så er det umogleg å skjøne, kommenterer han.
— Der ligg mange igjen. Eg ser dei for meg rett som det er om nettene, legg han til.
Vonde minne slepp ikkje taket. Men han hugsar også dei gode. Då han gjekk i land, sakna han veldig det sterke samhaldet som hadde vore om bord.
— Det var ei forferdeleg tid. Men me hadde det moro og.