Enorm auke i ungdomsrus

— I løpet av det siste året, og då spesielt etter sommaren, har det vore […]

— I løpet av det siste året, og då spesielt etter sommaren, har det vore ein enorm auke i ungdom som køyrer i rusa tilstand i Etne og Vindafjord. Det er like vanleg å vera rusa på tablettar og narkotika, som på alkohol. Denne utviklinga er eg mildt sagt forbanna på, seier Ingvar Gjærde.

Fire dødsulykker
Trenden viser att på ulykkes- og dødstala. Til no i år har Vindafjord og Etne kommune hatt fire dødsulykker. I fjor var det berre ei dødsulykke.
På same tid i fjor hadde politiet tatt 15 personar for køyring i rusa tilstand, i løpet av same periode i år er heile 33 personar pågripne.
— No må dei dette gjeld skjerpa seg. Det er berre eit tidsspørsmål før det blir fleire dødsulykker dersom dei held fram med denne oppførsla, fastslår lensmannen.
Talet på førarar som køyrde utan gyldig førarkort i fjor var 19. I løpet av same periode i år har politiet tatt 29 personar utan gyldig førarkort. Narkotikatilfelle er ein anna svært skremmande og aukande trend. På same tid i fjor hadde politiet vore borti 60 narkotikasaker, medan dei i år har hatt 88 narkotikasaker på bordet.
— Dette er ei utvikling som heng saman. Kvar einaste helg har me fullt opp å gjera med rusa ungdommar i bil. Desse sakene legg beslag på tida vår, og det går utover andre ting, seier Gjærde.

Likt i Etne og Ølen
Ølen har i den siste tida hatt stempelet som «narkobygda». Dette er eit stempel som Gjærde synes passar like godt på Etne.
— Narkotikatilfella var tidlegare som regel å finna i Ølen. No har dette spreidd seg til Etne og Skånevik. Me kjem like ofte over narkotikasaker i desse bygdene, seier Ingvar Gjærde.
Eit viktig førebyggjande tiltak er at foreldre er observant i forhold til borna sine.
— Alle foreldre veit korleis ungdommen sin vanlegvis ter seg. Dersom noko skurrar ved oppførselen til borna, må dei gripa fatt i det. Det viktigaste er at foreldre er til stades og følgjer med, seier han.
Politiet har også gått i dialog med skjenkestadar i distriktet.
— Me har ein god dialog, og dei tilsette ved desse uteplassane har fått informasjon om kva dei skal sjå etter. Dei skal mellom anna melda i frå straks dei ser nokon som køyrer i rusa tilstand, seier Ingvar Gjærde.

Ikkje tysting
Lensmannen vil på det sterkaste oppmoda ungdom om også å melda i frå til politiet dersom dei ser nokon som køyrer i rusa tilstand.
— Det å melda i frå om rusa førarar er ikkje å tysta, det er å visa ansvar, seier Ingvar Gjærde.
— Kva tiltak kjem politiet til å gjera?
— Me brukar mykje tid på dette. Me har trafikkontrollar, informerar om konsekvensane ved vidaregåande skular, og patruljerar i helgene, seier han.
— Kva trur du er grunnen til denne utviklinga?
— Ein stor del av grunnen er at narkotikamiljøet veks. Nokre grupperingar i ungdomsmiljøet har ein likesæl haldning og bryr seg ikkje om lovar og reglar, seier Ingvar Gjærde.