Enorm innsats frå bøndene

Bjoabonden køyrde i skytteltrafikk både i Vikebygd og på Utbjoa for å få fram vatn […]

Bjoabonden køyrde i skytteltrafikk både i Vikebygd og på Utbjoa for å få fram vatn til brannfrontane.
— Utan traktorane og vognene våre trur eg denne brannen vil ha utvikla seg meir dramatisk, seier Roy Erik Hetland.
Jens Morten Kolltveit frå Vikebygd hadde jobben med å koordinere innsatsen frå bøndene i samarbeid med utrykkingsleiar Knut Egil Berge i Vindafjord brannvesen.

Skogsvegar front
I tillegg til innsatsen som vart styrt frå Vikebygd, organiserte bønder frå Dalsbruket innsats frå den sida av fjellet inn mot Baslia.
— Det var ein utmerka innsats frå begge sider, seier Knut Egil Berge.
Jan Tindeland køyrde i 30 timar før han tok pause, nesten etter ordre om å ta ein pust i bakken. I alt 15 bønder stilte opp med traktorar og gjødselvogner som var på vegen så snart brannen var eit faktum.
Skogsvegane var ein front for å stoppe brannen både i Vikebygd og Bjoa, og der var det tankvognene med kanoner som tok den grøvste jobben.

Raskt på banen
— Bøndene har utruleg godt utstyr i ein situasjon som denne. I tillegg har dei lokalkunnskap som er viktig. Her spelar skogsvegane ei sentral rolle, seier brannsjef Tor Gunnar Skaar i Vindafjord kommune.
Han er også imponert over kor raskt bøndene var på banen i kampen mot flammane.
— Dei organiserte seg sjølve då brannen starta. Seinare har dei hatt ein kontaktmann hos oss. Samarbeidet har fungert godt, seier Skaar.
Han vil ikkje spekulere i korleis brannen kunne ha utvikla seg dersom ikkje bøndene var så raskt og effektivt på banen i kampen mot skogbrannen.

Inn i beredskap
Rådmann Helge Thorheim i Vindafjord har signalisert at bøndene bør inn i ein beredskapsplan mot skogbrann. Det meiner også brannsjefen kan vere ein god ide.
— Det har sjølvsagt ei økonomisk side, men det bør ein vurdere. Tidlegare var kommunen delt inn i roder der ein kunne kalle inn folk ved skogbrann. Det bør ein kanskje tilbake til, seier brannsjef Tor Gunnar Skaar.