Er best i landet

— Det er heilt topp. Det er kjekt å visa kor gode me kan vera […]

— Det er heilt topp. Det er kjekt å visa kor gode me kan vera på vårt beste, og det er veldig kjekt å få full klaff i eit NM, seier Synnøve Matre.
60 hundar deltok i dei innleiande rundane på Bjerke Travbane i Oslo laurdag, der Copper var ein av dei 15 som gjekk vidare til finalen dagen etter.
Av dei 15 finalistane var 14 av hundane border collie. Men det var golden retrieveren Copper som var den lydigaste, og tok med seg heim NM-pokalen.
— Lydigheitssporten er veldig dominert av border collie, og det er kjekt å visa at det går an å vinna også med andre rasar, seier Matre.

Klar siger
For Matre var det andre gong ho vann NM. Ho stod også øvst på pallen i 2000 med hunden Scar, som nå er elleve år.
— Dei to er dei einaste golden retrieverane som har vunne NM i lydigheit, seier Matre.
— Det er litt ekstra stas å klara og vinna med to forskjellige hundar, seier ho.
Konkurransegreina lydigheit består av eit program med ti øvingar. Eigaren skal blant anna dirigera hunden, hunden skal henta ting, stå i ro, ligga i ro og hunden skal gjera øvingar på kommando.
Før den siste seksjonen leia Matre og Copper med 1,3 poeng, men mot slutten gjekk dei frå konkurrentane og vann til slutt med 15 poeng.
— Det er den desidert største marginen nokon har vunne NM med. Det var maks klaff, seier Matre, som byrja med lydigheit for 16 år sidan.

Kanskje VM
Mange timar med hardt arbeid ligg bak.
— Periodevis trenar me fire-fem gonger i veka og kanskje ti-tolv timar. I tillegg til treninga må me gå tur fordi hunden må vera i god fysisk form, seier Matre.
— Kva er nøkkelen bak suksessen?
— Det viktigaste er at hunden har ei glede av å jobba. Det er også viktig at han får mykje påskjøning og ros. I tillegg må han vera mentalt sterk, det vil seia at han ikkje er nervøs og skvetten, seier Matre.
Nå siktar dei to sandeidbuane mot VM i lydigheit i Polen 11.-12. november.
— Me håpar me kjem med til VM, seier Matre, som har deltatt i VM tre gonger tidlegare.