Er det fleire Gudar enn ein ?

Den kristne trua som kom rekande inn til landet, saman med vikingane i si tid. […]

Den kristne trua som kom rekande inn til landet, saman med vikingane i si tid. Som blei kjempa fram i ein årelang og endeleg kamp. Nå i dag, ser det ut som om me kan få eit fleirkulturelt trusamfunn. Der dei kristne grunnverdiane som Noreg har, kanskje fell bort, og der alt blir fristilt. Det ser og ut som om me vil få fleire Gudar, iallfall meir enn ein. Så her kan det bli ein knivskarp konkurranse kva me skal tilhøyra. Det kan faktisk bli slik at ein ser det heile meir som likheten innan anbodsprinsippa for samferdsle. Men slik skal det ikkje vera. Dei kristne grunnverdiane som Noreg har, skal ein ikkje rokka med. Der dei som kjem til dette land, bør kunne innordna seg etter dei grunnverdiane landet har.
Når ein går attende og ser det som var, og det som er, innan dei kristne verdiar, er det som to forskjellige verder ein møter. Der lærdomen innan dei kristne verdiane på skulen var grunnleggjande, for svært mange. Der salmeversa ein skulle pugga, og kunne lesa utanboks var til tider eit svært besvær. Men slik var det den gong. Eg trur me hadde og fleire Gudar før?
Hugsar godt då Frelsesarmeen kom og skulle halda møte, men fekk ikkje plass på Bedehuset, og måtte ha møte på Ungdomshuset. Det same var det for Pinsemenigheten.
Sjølv om medaljens bakside seier noko anna, den sida som vendar inn mot brystet og talar sitt endelege språk til kvar enkelt av oss og ikkje den sida som vendar fram. Den sida me ser og den sida me identifiserer oss med. Eg er sikker på at den diskusjonen som nå er på gang, må vera medaljens framside, og tankane og meiningane må vera medaljens bakside i tankar og sinn.
Dersom ein ikkje står fram og tilkjennegir sitt syn i saker som dette, som eg vil tru er grunnleggjande for dei framtidige generasjonar i åra som kjem. Der det grunnleggjande ein fekk med seg i skulen blir varande, og blir i kvar enkelt livet ut.
Får ein då ei blanding av religionar, vil eg tru det ein har, litt etter litt blir vaska ut.

Ove Wiland
Skånevik