Er det for mange årsverk i Vindafjord kommune?

Det som ikkje kritikarane nemner er kor det er auke og kor det er nedgang. […]

Det som ikkje kritikarane nemner er kor det er auke og kor det er nedgang. I intensjonsplanen for kommunesamanslåinga står det at «både for den politiske og den administrative strukturen er målet å laga ein enkel og kostnadseffektiv organisasjon». Det står og «Den nye kommunen skal sikra og vidareutvikla kvaliteten i tenestene til innbyggjarane».
Dette må forståast slik at me skulle spara på administrasjonsutgifter for å kunna utvikla tenestene til innbyggjarane. Dette er då og blitt gjort. I 2006 var det innan «administrasjon og fellesdrift» 47 årsverk, dette er redusert til 37 for 2008, i budsjettet for 2009 ligg der inne 34,8 årsverk. Skule har ein reduksjon på 4 årsverk. Barnehage ein auke på 14 årsverk. Pleie og omsorg ein auke på 4 årsverk. Psykiatri og funksjonshemma ein auke på 8 årsverk. Helse, barnevern og NAV har ein auke på 7 årsverk. For dei andre einingane er det berre små endringar.
Det som dette viser er at det er ein reduksjon på 25 prosent i administrasjonen i høve til kva situasjonen var ved samanslåinga. Auken av årsverk elles er komen som følgje av utviding av tenestetilbodet til innbyggjarane og nye statlege krav til tenestene for dei svakaste i samfunnet.
Me må og ta med at talet på rådmenn, ordførarar og kommunestyrerepresentantar, er redusert til det halve av kva det var i dei to tidlegare kommunane. Eg meiner såleis at me er på god veg til å fylla måla og forutsetnadane for samanslåinga når det gjeld innsparing i politisk og administrativ struktur. Men her vil og vera ein balanse mellom kor få ein kan vera, samstundes som ein skal kunna drifta kommunen på ein god måte.
Korleis ein elles kan gjera kommunen meir kostnadseffektiv vil vera eit produkt av den pågåande politiske debatten i Vindafjord, halde opp mot kva innbyggjarane ønskjer av tenester og strukturen på desse. Med den såkalla «eldrebølgja» me har i vente i dei første 10-åra, er det eksempelvis lite truleg at det vil vera mindre behov for hender innan pleie- og omsorgssektoren i tida framover. For det er slik at talet på tilsette i tenesteytande einingar har ein samanheng med mengde og kvalitet me kan tilby på tenestene. Det er og all grunn til å tru at behovet for oppfølging blant barn og unge kjem til å auka.
Vil og nemna at der faktisk kjem mange positive tilbakemeldingar frå både brukarar og pårørande, det skulle tyda at me har tilsette som tek jobben på alvor.
Me må bli flinkare på informasjonssida i Vindafjord, det viser misforståingane som er komne fram både i lesarinnlegg og redaksjonelt i Grannar. Det får bli nyttårslovnaden min for 2009!
Godt nyttår!

Arne Bergsvåg (Sp)
ordførar i Vindafjord