Er det slik i Etne?

Er det slik Etne kommune behandlar ungdommane våre som i 10 år har leid på […]

Er det slik Etne kommune behandlar ungdommane våre som i 10 år har leid på hestar under Etne Marknaden slik at borna dykkar skulle få ri og hestelaget få pengar til ein plass å vera?
Er det slik at midlar me har kjempa for og som er investert i området berre skal overtakast til ny veg til tunet og industriområdet utan kompensasjon?
Er det slik at investeringar på fleire 100.000.- me har brukt i den tru at folk har meint det dei har sagt og skreve skal gå tapt?
Er det slik ein i Etne kommune skal behandle initiativ frå bygdefolket i friviljuge lag og organisasjonar der folk brukar store delar av fritida si til å skapa eit positivt miljø, ei positiv fritid og ein god plass å bu?
Er det slik Etne kommune vil legga til rette for tilflytting og for dei 10 tals ungdommane våre som i dag tar hesterelatert utdanning. Ungdommar som vil heim og som gjerne vil halde fram med hest som yrke og hobby når dei er ferdige? Då me ikkje har fått svar i avisa før forventar me det ikkje no heller, men overrask oss gjerne. Svar vil me uansett snart få gjennom behandlinga av reguleringsplanen. Dette handlar ikkje om avtaler er gyldige eller ei, men om pengar og ikkje minst etikk og moral. Det er heldigvis ikkje for seint å snu. Politikarane set med nøkkelen til denne saka. Dei kan la vera å fjerna hestesportannlegget frå reguleringsplanen eller sørge for at me får rett kompensasjon og eit nytt område der me kan få vera og utvikle oss.
Nokre faktaopplysningar om hest:
Det er om minst 130 hestar berre i Etne kommune. Det er dokumentert at 10 hestar fører med seg 1 årsverk i aktivitet. Såleis tilsvarar hestenæringa 13 arbeidsplasser i Etne i dag. I Sverige er hest den 5 største næringa i landbruket og den einaste som er i vekst! Noregs Bondelag har hest som eit satsningsområde. Våre 2 lokale hestelag har om lag 80 medlemmer, fleire kjem til. Anlegget me vil byggja er kostnadsrekna til 1.5 million utanom ridehall (gunstig plass å bygge på) og får nasjonale mål. Anlegget ligg inne i anleggsplanen med status som regionsanlegg for hest i Sunnhordland.
Dette kan det altså bli fleire nye arbeidsplassar av!

Øyvind Thorson.
Etne, Ølen og Vindafjord Trav og Hestelag