Snor seg gjennom sentrum

Mange er nysgjerrige og lurer på kva tid dei kan få tilgang til den fiberoptiske […]

Mange er nysgjerrige og lurer på kva tid dei kan få tilgang til den fiberoptiske kabelen som skal levere både internett, telefoni og digitale tv-tenester.
— Vi har fått mange telefonar etter at gravinga starta med spørsmål om når folk kan få kabel i huset. Tiltaket blir godt mottatt, og grunneigarane som er berørte av gravinga er positive, og vi har fått rask saksbehandling i kommunen, fortel kraftlagssjef Kristoffer Vannes i Skånevik Ølen Kraftlag.
Dei står for utbygginga av nettet i dekningsområdet sitt Skånevik, Ølen, Ølensvåg, Bjoa og Vikebygd.
SØK er i gang med å skaffe seg bedriftskundar, og i 2006 er det Litlehagen og Osen som får tilbod om tilbodet i private bustader. Der vil SØK gå aktivt ut i mars for å finne ut om det er stor nok interesse til å tilby fiber i bustadfeltet.
Parallelt blir det ei kartlegging i Vågshagen i Ølensvåg for å få ein oversikt over responsen. Dette feltet står på programmet i 2007 saman med Ligrend i Skånevik. Vågshagen kan bli aktuelt i år dersom det er for liten interesse i Osen/Litlehagen.
Fleire på vent
— Vi har ikkje laga noko eksakt tal for kor mange kundar vi må ha i dei ulike felta før vi gir klarsignal. Men vi har eit gjennomsnittleg mål på 60 prosent av bustadene i felta vi går inn i. No prioriterer vi dei som ligg nærmast stamnettet. Vi må sørgje for at investeringane gir inntekter så raskt som mogleg, seier Vannes.
Men rekkjefølgja i den planlagde utbygginga kan bli endra dersom det viser seg at det er store forskjellar i interessa for fiberbreiband.
Byggjefelta på Bjoa er aktuelle i 2007, medan Kyrkjehompen og Nerheim i Ølen står på planen i 2008.
Øvrehagen og Dørheim i Ølen er ikkje tidfesta enno fordi det er ein viss avstand til stamnettet. Tidsplanen for bustadfelt i Vikebygd er heller ikkje avgjort.
Vannes utelukkar ikkje at tidsplanane kan bli forserte dersom det er stor interesse. Det vil basere seg på eit kartlegging.
SØK skal bruke 8,7 millionar kroner på fibernettet i 2006. Det er eit fire kilometer bakkenett i Ølen, Ølensvåg og Skånevik, pluss 60 kilometer luftlinje i tillegg. Til Skånevik blir det ein ny sjøkabel mellom Vaka og Byrkjenes.
Stamnettet i Ølen og Ølensvåg skal vere ferdig til sommaren, medan Skånevik, Bjoa og Vikebygd skal vere ferdig i oktober. Stamnettet blir lagt i ein trase for å dekkje kommunale og offentlege bygningar. Derifrå blir det forgreiningar til bedrifter og bustadfelt.
Det er Haugaland Kraft AS som skal levere innhaldet i fiberen med internett, telefoni og tv.
T. Sandsgård Anlegg har fått oppdraget med grøftegraving, medan Relacom skal strekke kabelen i luftnettet.

Isvik først ut

I slutten av mars går Haugaland Kraft AS ut for å tilby breiband av fiber til private i Isvik i Skjold. Er interessa stor nok kan breibandtenestene vere på plass til sommaren, opplyser Jan Håland, som har ansvaret for breibandutbygginga i Haugaland Kraft.
Ut over det, vil han ikkje opplyse om planane dei har for breiband i dei andre bygdene i gamle Vindafjord.
— For det første er ikkje alt bestemt for framdrifta. På grunn av konkurransesituasjonen går vi heller ikkje ut med slike opplysningar. Erfaringane er at andre kjem inn med kampanjar rett før vi er på banen, seier Håland.
Haugaland Kraft var før jul ferdig med stamnettet til bedrifter og kommunale bygningar i gamle Vindafjord.
Også Etne Elektrisitetslag er i ferd med å få på plass stamnettet for å kunne levere breiband i samarbeid med Haugaland Kraft. Stamnettet til skular og kommunale bygningar skal vere ferdig til sommaren.
Kraftverkssjef Bjarne Sævereid opplyser at dei har gjort førebelse undersøkingar i bustadfeltet Kambe med positivt resultat.
— Men vi veit ikkje kor mange som blir med når kontraktane skal skrivast. Men det ser lovande ut, seier han.
Kambe, Silde og dei nye husa på Sæbø-feltet står først i løypa når e-laget g gjekk imot lova om fri abort. Underskrivne var blant dei i stortingsgruppa som røysta imot slikt regjeringssamarbeid i 1981 og 1983, men det var ikkje dermed sagt at dei som hadde eit anna syn ikkje var truverdige!  Det er mogeleg å arbeida for same mål med ulike middel og metodar.  Ved å velja arbeidsmåtar som i utgangspunktet framstår som kompromiss,  kan ein òg nå langt i å fremja gode saker.  Sjå berre på kva Kr.F.  i noverande regjering har oppnådd når det gjeld bioteknologien og kampen mot å sortera bort ufødde born med skade og lyte.  Sjå på auken i U-hjelp for å berga liv i fattige land.  Sjå på røykelova og alt liv som blir spart og får betre kvalitet takka vere den og partiet som tok initiativet.
Kr.F.  er truverdig i sitt politiske arbeid, og eg tykkjer det er uverdig når Trygve E. Gjerde brukar ord som  hyklarar om våre politiske leiarar i parti og regjering.

Hans Olav Tungesvik,
leiar  Etne Kr.F.