Er mot flytting av landbruket

— Bygdesenteret i Etne er tenkt som eit kompetansesenter. Når landbrukskontoret blir flytta, forsvinn store […]

— Bygdesenteret i Etne er tenkt som eit kompetansesenter. Når landbrukskontoret blir flytta, forsvinn store delar av den kompetansen, seier avdelingsleiar Jarle Haugen ved Tveit Regnskap.
I fleire år har ei flytting av Landbrukskontoret frå Bygdesenteret til Tinghuset blitt vurdert. Nå har formannskapet slutta seg rådmannen sitt flytteforslag og i morgon skal saka opp i kommunestyret.
Landbrukskontoret, Tveit Regnskap og Tine har i dag eit tett samarbeid.
Haugen meiner dette samarbeidet blir tyngre dersom landbrukskontoret blir flytta.
— Me har hatt eit godt samarbeid, men nå mistar me den daglege kontakten. Då må ein bestilla time og ha offentlege møte. Ein kan ikkje berre springa rett over gangen slik som i dag, seier Haugen.
Han meiner at ei flytting av landbrukskontoret er feil veg å gå. Landbruksutviklinga i Etne er inni ein positiv trend.
— Etne har det finaste landbruksområdet på Haugalandet, men har lege litt etter på storfe og mjølk. Me ser at dei byrjar å komma etter nå, til dømes med den store samdrifta i Steinshagen. Nå byrjar det å skje noko innan landbruket i Etne, seier Haugen.
Også bøndene ser helst at landbrukskontoret blir verande på Bygdesenteret. Torsdag var bonde Håkon Brekke innom for å diskutera eit prosjekt med landbrukskontoret og Tveit Regnskap. Då er det praktisk med kort veg mellom kontora.
— Det er dumt at dei øydelegg eit landbruksmiljø. Ein skal forskjellige ærend og då er det ein fordel å ha kontora i det same huset, seier Brekke.
— For oss som jobbar her, drar me vekslar på kvarandre. Me utviklar litt fagkompetanse når me har så breitt fagmiljø, seier Arne Risøy ved Tveit Regnskap.
— Me synest det er veldig positivt med Bygdesenteret og det er lettvint med så korte avstandar, men me må bøya oss for det politikarane bestemmer, seier Annbjørg Bue, fagansvarleg landbruk i Etne kommune.

Fordel med eitt tak
Leiar i Etne Bondelag, Jakob Eskeland, meiner at det viktigaste er å ha eit samla miljø.
— I Bygdesenteret er det skapt eit unikt miljø som vil bli øydelagd med ei flytting av landbrukskontoret. Nå har me rekneskapskontor, veterinær, Tine og landbrukskontor i same huset. Dei fleste kontora me bønder er borti, er der, seier Jakob Eskeland.
Etne er ein av dei største landbrukskommunane i Hordaland.
— Det å ha eit fullt oppegåande landbruksmiljø i Etne er viktig, seier Eskeland.
Lovar like gode tenester
Bakgrunnen for forslaget om å flytta landbrukskontoret i år er at ein 50 prosent stilling blir ledig i Tenestetorget frå nyttår og med landbrukskontoret på Tinghuset kan ein samordna dette betre.
— Det kan nok vera ein fordel å ha det samla, men i den situasjonen me er i nå må me sjå på alt. Eg lovar at landbrukskontoret skal bli minst like godt og yta minst like gode tenester i framtida, seier ordførar Amund Enge (H).
Bygdesenteret er ei kommunalt eigd stifting. Dersom Bygdesenteret skal seljast, går pengane til kapitalfond. Eit eventuelt vedtak om sal kjem truleg opp som ei eiga sak, og ordføraren trur ikkje det skjer i kommunestyret i morgon.