Er norske nordmenn glad i flagget sitt?

Danebrog med raudt og eit blått kors inn i det kvite. Dette ut­kastet vart samsrøystes […]

Danebrog med raudt og eit blått kors inn i det kvite. Dette ut­kastet vart samsrøystes godkjent av komiteen mellom alle utkast som var komne inn frå heile landet.
I 1821 fekk altså Noreg det reine handelsflagget. I 1844 fekk landet det norsk-svenske handelsflagget og orlogsflagget i ei ny utforming. Og i 1898 fekk Noreg så det reine norske handels­flagget utan unionsmerke, trass i sterke prostestar frå Sverige. På same tid fekk Noreg statsflagg med splitt, 7. juni 1905. Då vart det svenske unionsflagget firt ned og det norske, reine flagget heist på Akershus festning og andre norske forsvars­anlegg.

Nazi-åra 1940-45
Vidkun Quisling (1940-45) laga i 1940/41 ei flagglov for offentleg bruk. Brot på denne lova vart strengt straffa med fengsel opptil eitt år og opptil 100.000 kroner i bot. 17. mai-feiring var sjølvsagt forbode, og det same var det å bera flagg på stong eller merke med fargar på jakkeslaget. Og alle norske nordmenn minnest sjølvsagt nazitida med diktaren Nordahl Grieg sitt dikt 17. mai 1940, som lyder slik i nokre linjer av det: «I dag står flaggstangen naken, blandt Eidsvolls grønnende trær Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er ….»
Og 8. mai 1945 fekk Noreg den kjente revyvisa «Norge i rødt kvitt og blått» som vart heile Noreg sin nasjonalsong nr. 2. Krigsseglarane som kom att, frå fem års kamp mot tyske ubåtar­, og som hadde segla for det finaste flagget i verda, ville at Noreg skulle vera for nordmenn. Dei vart ganske snart dukka.

Flagg i barnetoget
Men så ser det ut til at det ikkje er så viktig med norske flagg i toget 17. mai. Alle innvandrarbarn og andre skal ha høve til å delta i 17. mai toget med sine respektive heimland sine nasjonale flagg. Men så finnst det dog folk som ser negativt på eit slikt påfunn og ære være dei for det. Ja, jamvel folk som går ut or 17. mai-komiteen i protest.
Men nordmenn har ein mani til å vika for alt framant, og som ein trur er humant stort og fint. Me har rett nok i løpet av dei siste 30 år teke mot folk utanfrå som treng både tryggleik og omsorg­, og ikkje minst flyktningar frå krig og elende i heimlandet. Dei er komne for å bli norske statsborgarar og for å bli integrert i det norske, nye landet som dei før eller sidan skal avleggja truskapsløfte til. Men me kunne godt ha unnvore alle kriminelle som snik seg inn og undergrev norske lovar og er i ferd med å øyde­leggja landet. 17. mai er Noregs fridomsdag og grunnlovsdag, og då bør vel også nasjonen og fedrelandet la denne feiringa gå føre seg med berre norske flagg. Og alle utlendingar lyt finna seg i å følgja norske lovar og skikkar. Det er 364 dagar elles i året dei kan bruka til å minnast heimlandet.

Endre Heggen