Er sur på Akershus

Før denne avklaringa, hadde Mortveit teke til orde for at berre dersom det var ein […]

Før denne avklaringa, hadde Mortveit teke til orde for at berre dersom det var ein siste utveg, burde Rogalands-partiet bøya seg og la partileiar Dagfinn Høybråten få topplassen på lista. Han er viss på at denne løysninga kjem til å kosta Kristeleg Folkeparti mange stemmer, ikkje minst i Nord-Rogaland.
— På telefonmøtet fredag kveld gjekk 15 lokallag inn for å ha Høybråten på førsteplass, medan 10 var imot, stadfestar Mortveit. Han legg til at fleire lokallag med mange utsendingar til nominasjonsmøtet er blant dei femten, så det er inga tvil om at dei som ønskjer Høybråten har fleirtalet bak seg.
— Bjørg Tørresdal eller Kjell Arvid Svendsen som nummer to?
— Det blei ikkje avklart, men eg reknar med at Tørresdal blir nummer to og Svendsen nummer tre. Tørresdal har erfaring frå Stortinget og Svendsen er ny. Og så er dei mange fleire i sørfylket, forklarer ein uengasjert Mortveit.
— Me i Vindafjord hadde Kjell Arvid Svendsen på topp og Bjørg Tørresdal som nummer to. Me meinte det. Dersom dette er eit direktiv eller eit pålegg frå partileiinga, vil me kjenna oss forplikta til å følgja det. Men me kjem til å mista mange stemmer på det, åtvara Mortveit før avklaringa fredag kveld.
Vil tapa stemmer
Mortveit vurderer det slik at Høybråten måtte få ei listeplassering som sikrar han stortingsplass, men han synest ikkje det var naturleg at han skulle veljast inn frå Rogaland. Han har ikkje tilstrekkjeleg lokalkunnskap om valdistriktet.
— Dette må vera som ein siste utveg. Alternativet er at han trekkjer seg som partileiar, og det ville ha gjeve endå meir negativ presseomtale og skadd partiet endå meir, meiner Mortveit, som seier rett ut at han er litt sur på fylkespartiet i Akershus, som har dytta nominasjonsproblema sine over på andre.
Nordfylket ofra
Leiaren i Ølen KrF, Steinar Skartland, er samd med Mortveit om at det naturlege ville ha vore at Høybråten var blitt valt inn frå ein valkrins austafjells.
— Me har eit ønske om at ein representant frå nordfylket skal kunna veljast inn. Dei aller fleste er samde om at Kjell Arvid Svendsen er mest aktuell. Skal eg snakka for meg sjølv, kunne eg godt tenkja meg at Svendsen stod på topp på lista, seier Skartland, som minner om at Rogaland KrF har mange gode namn å velja mellom utan å henta inn kandidatar frå Akershus.
To, tre eller ein
Valresultatet i 2001 ville ha gjeve partiet tre mandat på den utvida Rogalands-benken. KrF hadde fått ellevtemandatet i tillegg til dei to som kom inn. Legg ein derimot ferske meiningsmålingar til grunn, er det eit stykke fram til den tredje taburetten. Heller ikkje andreplassen på KrF-lista i Rogaland kan reknast som heilt sikker.