Er utanfor livsfare

Den 70 år gamle kvinna som vart påkøyrd i Etne sist torsdag er utanfor livsfare. […]

Den 70 år gamle kvinna som vart påkøyrd i Etne sist torsdag er utanfor livsfare. Tilstanden er stabil, men skadane er alvorlege. Det er dei siste opplysningane lensmann Jan Erik Matre i Etne hadde fått frå Haukeland Universitetssykehus i går. Han opplyser at dei tekniske undersøkingane av ulukkesbilen er ferdig. — Den er ferdig sjekka, men det var ikkje noko spesielt med den tekniske tilstanden til bilen, seier Matre. No ventar han på rapporten frå ulukkesgruppa.