Erfaring avgjorde valet

Lang erfaring som leiar og administrator, var også det konkurrenten i finaleomgangen hadde for lite […]

Lang erfaring som leiar og administrator, var også det konkurrenten i finaleomgangen hadde for lite av. I tillegg til Hetland var det lærar og politikar Terje Hermansen (med fortid i Etne og Ølen) som vart vurdert av administrasjonsutvalet i møtet på torsdag.
Landbruksøkonomen Hetland og lærarrealisten Hermansen har erfaring frå litt forskjellige sider av bordet når det gjeld erfaring med kommunar. Hetland starta også med eit forsprang med gode skussmål som stabssjef, assisterande rådmann og fungerande rådmann i Etne gjennom ni år.
Godt inntrykk
Det var eit samstemt administrasjonsutval som gjekk inn for Hetland i rådmannsstolen i Etne. Hovudjeger Jan Tveit i Headvisor kom også til Etne med Hetland på førsteplass. Etter ein times intervju av begge kandidatane, var administrasjonsutvalet ikkje i tvil om kven som bør bli rådmann.
Av formelle grunnar skal tilsetjinga opp i formannskapet i morgon trass i at dei same politikarane sit i administrasjonsutvalet. Deretter skal kommunestyret gi det endelege klarsignalet i morgon.
— Hermansen gjorde også eit godt inntrykk. Han har evna til å tenkje nytt og annleis. Hetland har meir leiarerfaring, og han har gjort jobben sin godt i Etne kommune. Eg er glad for at vi har fått ein solid rådmann som vi veit kan gjere ein god jobb, seier ordførar Amund Enge.
Lurt å teste
Varaordførar Siri Klokkerstuen var frontfiguren for at Etne skulle lyse ut stillinga som rådmann, og ikkje tilsetje fungerande rådmann Elling Hetland direkte. Ho meiner det ikkje var vanskeleg å lande på Hetland til slutt.
— Vi har hatt ein god prosess med mange kvalifiserte søkjarar. Hetland er den beste til å fylle jobben. Vi har alltid visst at Hetland er ein solid og påliteleg kar. Likevel synst eg det var rett å teste ut ved å opne for andre søkjarar. Etter denne runden har vi ei tydlegare tillitserklæring enn vi ville fått utan, seier Klokkerstuen.
Starta i Vindafjord
Fungerande rådmann Elling Hetland er glad for at han har fått samstemt tillit av administrasjonsutvalet. I praksis betyr det at tilsetjinga er heilt ukontroversiell.
— Det er gledeleg at det er samrøystes. Det står mange utfordringar framfor oss med hardt arbeid. Det gjeld både økonomien og organisasjonen, seier Hetland.
Han er utdanna landbruksøkonom frå Landbrukshøgskulen på Ås. Han starta karrieren som heradsagronom i Vindafjord i sju år. Deretter bar det til SR-Bank i Ølen, før han vart rekneskapssjef og økonomisk rådgjevar hos Tveit Regnskap. Deretter gjekk han over i det offentlege med to år som plan- og økonomikonsulent i Ølen kommune før han melde overgang til stabssjef i Etne kommune. For så å avansere til assisterande rådmann og fungerande rådmann.
Etne kommune skal framleis ha assisterande rådmann. Denne personen skal hentast internt, men det er enno ikkje avgjort kven det blir.