Den 05.05.05 klokka 05.05. om morgonen heiv ho seg i sjøen ved Lie badeplass i Skjold. Klokka 17.05 same dag tar ho eit oppvisingsbad til ære for dei som ikkje kom seg opp så tidleg. Ho har sans for å få tala til å harmonere. Difor har ho også bada 01.01, 02.02, 03.03 og 04.04. Isbadaren forsikrar at ho følgjer dette mønsteret berre for løye. Det er ikkje snakk om nokon mani, sjølv om ho ikkje har tenkt å gje seg med det første. Ho kjem til å halde fram iallfall ut dette året og til neste år, for neste høgdepunkt er allereie staka ut: klokka 06.06 den 06.06.06.
I betre form
— Det er kjekt å finne på noko originalt, smilar ho, men legg til at ho trur hobbyen også er god for helsa.
— Eg har det vanlegvis med å fryse, men dei dagane eg har bada, er eg mykje varmare i heile kroppen. Dette set blodsirkulasjonen i gang. Eg har også vore mindre sjuk i år enn eg pleier å vere. Eg trur dette er sunt, slår ho fast.
Ho fortel at ho alltid har vore ei badenymfe, men så tidleg som no har ho likevel aldri starta badesesongen før.
— Eg har pleidd å byrje i april, seier ho.
I skumringen, litt over klokka fem om morgonen Kristi Himmelfartsdag, hadde dei reine stemningsstunda på badeplassen i Skjold.
— Magnhild Hustveit, svigermor til svogeren min, kom med kakao. Ho hadde varma opp bilen, så me sette oss inn i den etter at me hadde bada. Det var kjempekos.
Stigande temperatur
— I dag tidleg regna det og var knallkaldt, men me vakna iallfall, held Natterøy fram.
Til morgonbadet fekk ho med seg svogeren Bjørn Wannberg, i tillegg til nevøane Bergfinn og Bjørnar Wannberg. Eigentleg skulle dei vere fem som heiv seg i sjøen grytidleg Kristi Himmelfartsdag, for å få tala til å gå ordentleg opp, men sistemann trekte seg då veret blei ufyseleg.
Badetemperaturen steig likevel monaleg i sjøen utover torsdagen – iallfall kjendest det sånn.
— No var det godt i sjøen, forsikrar Natterøy, og hoppar like gjerne uti ein gong til.
Ho har selskap av ei venninne frå Sveio denne ettermiddagen: Monika Eilerås kjem seg også uti, sjølv om ho verkar noko meir skeptisk til temperaturen i vatnet.
Kalender frå bada
— Eg og Bjørnar byrja litlejulaftan med badinga. Då snakka me om at me måtte gjere det igjen, seier badenymfa.
Sidan har ho bada til faste tider, men på ulike stader og med forskjellige folk.
— Verst var det 03.03, for då var det is, seier Natterøy.
Då måtte dei reise til Trovåg i Vikebygd for å fa dukka seg, fordi det var for mykje is på fjorden langs Liaheia. Dei kledde seg i kjeledress og gjekk til fjorden, før dei pakka seg inn i dressane att og tusla tilbake etter det iskalde marsbadet.
På kvar badetur fotograferer Skjold-dama. Målet er nemleg å lage ein kalender med berre badebilete til neste år.