Etikkutval er kritisk

AF Decom på Raunes gav Vindafjord kommune ei gåve på 100.000 kroner samstundes som selskapet […]

AF Decom på Raunes gav Vindafjord kommune ei gåve på 100.000 kroner samstundes som selskapet har ein stor reguleringsplan til behandling i kommunen. Både ordførar Arne Bergsvåg og rådmann Helge Thorheim meinte det var uproblematisk for kommunen å ta imot denne gåva frå selskapet.
Begge tar lettare på spørsmålet enn Kommunesektorens etikkutvalg som nettopp har gitt ei vurdering av ei tilsvarande sak i ein kommune på Austlandet.

Tidspunkt uheldig
— Desse sakene er ganske like. Det mest uheldige er tidspunktet for gåva. Etikkutvalet meiner det er uheldig dersom ein aktør har ei sak til behandling, og samstundes gir ei gåve til kommunen, seier Svein Kamfjord i Kommunenes sentralforbund som er sekretær for etikkutvalet.
Professor Lucy Smith er leiar for utvalet som for første gong har gitt ei vurdering omkring spørsmålet om gåver til kommunar. Svaret til den aktuelle kommunen som har lagt fram ei sak for utvalet, kom på tysdag.
Utvalet har ikkje felt dom over denne saka, men gitt generelle vurderingar av gåveproblematikken.

Uavhengig av formål
Ein av hovudkonklusjonane er at kommunar ikkje bør takke ja til gåver når givaren er involvert i saker som ikkje er avgjort. Spesielt dersom gåva kunne kome til like stor nytte på eit anna tidspunkt.
Utvalet meiner at ei gåve er ei gåve til kommunen uavhengig av kven som får glede av den. Difor er det uinteressant kven i kommunen som avgjer saka som den potensielle givaren er involvert i.
AF Decom var midt inne i ein behandlingsprosess då gåva til Vindafjord kommune vart gitt. Gåva var også nemnt på møte med ordførar og rådsmann der dei aktuelle sakene var tema.

Svekke tillit
Etikkutvalet meiner at sjølv om motiva til givar og mottakar er dei aller beste, så vil ei gåve likevel kunne gå ut over tilliten til kommunen. Det treng med andre ord ikkje vere ugler i mosen for at det skadar kommunen sitt omdømme.
— Det er like viktig kva innbyggjarane kan tenkje om ei slik sak. Det er nok at nokon kan mistenke at det er samanblanding. Difor meiner utvalet at kommunane bør unngå slikt samanfall i tid, seier Svein Kamfjord.
Utvalet meiner ei gåve kan vere etisk problematisk sjølv om den ikkje er i strid med lova. Det er nok at gåva kan oppfattast å vere gitt for å påverke kommunen.

Tilrår regelverk
Utvalet påpeikar at det ikkje er uvanleg at hjørnesteinsbedrifter gir gåver til velferdstiltak og liknande som ein del av samfunnsanvaret. Men utvalet tilrår at kommunen har ein måte å handtere gåver på gjennom eit enkelt regelverk eller retningsliner.
— Det er viktig at det skjer ope, og at ein har reglar for kva gåver som kan handsamast administrativt og kva storleik som må til for at dei skal på politikarane sitt bord. Utvalet er ikkje dommar, men gir etiske råd, seier Kamfjord.
Han påpeikar at forsking i USA viser at det skjer ein bevisst eller ubevisst påverknad mellom givar og mottakar av gåver. Det er mellom anna dokumentert i forholdet mellom legemiddelindustrien og legane.