Etne Arbeidarparti og eigedomsskatten

Valkampen er spanande og utfordrande for oss alle. Difor ynskjer eg gjerne å gi veljarane […]

Valkampen er spanande og utfordrande for oss alle. Difor ynskjer eg gjerne å gi veljarane noko meir utfyllande informasjon om Etne Arbeidarparti sin politikk enn ein annonsetekst gir.
Eigedomsskatt vart innført i Etne kommune i 1983. Eigedomsskattelova var då slik at for å krevje skatt på «verk og bruk» (industri, fabrikkar, kraftverk, produksjonsverksemder m.m. av ein viss storleik), måtte ein og innføre eigedomsskatt i «klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis eller der slik utbygging er i gang». Det vart då vedteke eigedomsskatt i deler av Etne og Skånevik sentrum. Kommunestyret vedtek i kvart budsjett kor stor skatten skal vere. Den har vore sett til sju promille utan diskusjon eller framlegg til endring dei åtte åra eg har vore med. Dette er maks sats etter eigedomsskattelova.
I 2003 vedtok kommunestyret ei omtaksering, noko som ikkje er uvanleg etter 20 år. Dei nye takstane vart for mange mykje høgare enn dei gamle og førte til sterke reaksjonar. Reaksjonane gjekk og på at dette er urettferdig – både i Skånevik og Etne sentrum slapp mange skatten då eigedommen låg utanfor den snevre grensa frå 1983. Dette var ei vanskeleg sak for kommunestyret. I prosessen har lovgjevinga endra seg slik at ein ikkje lenger må ha eigedomsskatt i sentrum for å skattleggje verk og bruk. I tillegg vart lova endra i 2006 slik at den opnar for eigedomsskatt i heile kommunen også på hytter. Landbrukseigedommar er unnateke, berre bustadhusa kan takast med.
Dette er ei utfordrande sak å gjere greie for. Me har gode tilsette i kommunen som kan informere betre, men eg tek dei grove trekka som ei innleiing til Etne Arbeidarparti sin politikk.
Etne Arbeidarparti er oppteken av ei positiv og framtidsretta utvikling av kommunen vår. Me ynskjer at fleire skal kome og busette seg. Kommunen vår har alle føresetnader for å bli enno meir attraktiv. Den største utfordringa har i fleire år vore ein elendig økonomi som har gjort oss lite handlekraftige. Me har vore gjennom mange tunge nedskjeringsprosessar på viktige tenestetilbod. Politikarar som har sett seg inn i dette og kjent utfordringane på kroppen veit at det er lite reservar å finna dersom ein kjem i knipa att.
Eigedomskatt er frie inntekter til kommunen. Skatten bør øyremerkast spesielle formål slik som gang/sykkelsti, idrettsanlegg og kulturtilbod. Pengane skal ikkje gå «i det store sluket». Etne Arbeidarparti er opne for at eigedomsskatt kan vera med å hjelpa oss til å utvikla kommunen vidare. Som ansvarlege politikarar må me sjå på heilskapen og auka inntektene, slik at me slepp dei store nedskjeringane.
Etne er ein stor hyttekommune. Det er me stolte av. Dette er gjester som treng vårt tenestetilbod og er like opptekne av gang- og sykkelstiar, god renovasjon, kulturtilbod, gode helsetenester og andre felles goder som dei fastbuande. Men dersom me skal ha eigedomsskatt på hytter og bustader må den vera rettferdig og til å leva med. Me kan tenkje oss ein differensiert skatt på 1500,- i snitt i året. Dette er omlag 1/3 av det studentane våre betaler kvar månad i husleige i byane! Me har for tida flotte hytter til sals for fleire millionar i kommunen. Ein slik eigedomsbeskatning får lite utslag i den samanhengen. Dette er til å leva med for alle og vil finansiere tiltak som stimulerer tilflytting. Då aukar inntektene til kommunen enno meir.
Me er opne og ærlege på politikken vår. Fleirtalet i kommunestyret med Høgre på lag var ikkje meir prinsippfaste i februar 2007 enn at det i vedtaket mot eigedomsskatt står: «Kommunen kan når som helst vurdere dette på nytt».
Men no er det valkamp og ingen ting er betre enn om Høgre ser andre inntektskjelder. Me skal lova å vurderer alle gode framlegg slik at me saman kan gjere det betre å bu i Etne kommune.

Siri Klokkerstuen
Ordførarkandidat Etne Arbeiderparti