Tysdag starta opplæringa for dei 21 tilsette ved Etne Dialog. I løpet av kvelden blei også dei første telefonane tekne.
— Me håper på dei første sala i kveld, sa Jan Kåre Pedersen, styreleiar i Stord Dialog, tysdag ettermiddag.
Han er godt nøgd med responsen blant etnebuen, men treng 20 arbeidarar til. Ved kontoret i Rema 1000-bygget er det plass til ti telefonseljarar samtidig. 14 personar skal jobba dagskift, desse er hovudsakleg vaksne kvinner. På kveldsskiftet er stort sett unge folk hyra inn.
— Dei eg har hatt på intervju, er veldig gira. Det blir spennande å sjå, seier Nina Iren Espevoll, ansvarleg ved Etne Dialog.
Etne Dialog er ei avdeling som høyrer inn under Stord Dialog.
Velkommen
Ordførar Amund Enge kom innom lokala på Meieriplassen og overrekte ei blomehelsing til dei nystarta.
— Dette blir spennande, så får me sjå om dei får like god start som i Rosendal. Eg høyrde dei hadde kjempesal under opplæringa, seier Enge.
Telefonseljarane skal selja helsekost og har ei grunnløn på 70, 80 eller 90 kroner timen, pluss provisjon.
Spente seljarar
Christine Engebretsen (21) og Karianne Olsen (25) har inga erfaring med telefonsal og er svært spente på den nye jobben.
— Eg trur det blir tøft, sitja i telefonen heile dagen, seier Olsen.
— Ja, eg er spent på kva det går i, seier Engebretsen.
Dei vedgår at tanken på å bli avviste er det mest skremmande.
— Eg er ganske sikker på at det blir ganske mange avvisingar, smiler Engebretsen.