Etne får landskapspark

2,4 millionar kroner er sett av til prosjektet, som skal fordelast på dei seks kommunane […]

2,4 millionar kroner er sett av til prosjektet, som skal fordelast på dei seks kommunane som er plukka ut. Kor mykje kvar enkelt kommune får, er førebels ikkje vedtatt.
— Det er kjempeflott. Dette er eit lite pluss i margen i forhold til det arbeidet eg har lagt ned, seier Egil Ørjan Thorsen, prosjektleiar Auka verdiskaping og turisme i Etne.
I dag møter Thorsen i Bergen saman med representantar frå dei andre kommunane, etter at han tysdag fekk melding om at Etne er plukka ut blant tolv kommunar.
— Ein fyldig og veldig god søknad med mange forslag til tiltak. Det verkar som det er mykje energi i Etne, kommenterer prosjektleiar Steinar Sørli ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland.

Lokal forankring
Ein landskapspark kan definerast som kulturlandskap pluss verdiskaping. Planen til Thorsen er å ta i bruk Åkrafjorden, blant anna med utgangspunkt i det veglause samfunnet på nordsida.
— Hovudpoenget mitt er at det skal vera ei lokalt forankra satsing, og at verdiskapinga skal bli tilbakeført til dei områda det blir satsa i, seier han. Planane om ein jetbåt med ein maksimumsfart på 35 knop er ein integrert del av satsinga.
Arbeidet knytt til landskapsparken skal setjast i verk i løpet av hausten, og Norges Forskningsråd får ei sentral rolle.
— Me er godt i gong med kartlegginga for å komma fram til ein nødvendig handlingsplan, seier Thorsen.
I tillegg til Etne, er Voss, Radøy, Jondal, Ullensvang og Kvam kommunar plukka ut til prosjektet, som Innovasjon Norge ønskjer skal vera eit nasjonalt pilotprosjekt.
Det er Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland og Innovasjon Norge som finansierer prosjektet. I løpet av hausten skal også deltakarkommunane søka Norges Forskningsråd om vidare midlar.