— Anlegget vårt ligg 200 meter frå området og eg har aldri høyrt om at det offentlege kan gi løyve utan å stille vilkår. Vi var her først, og vi blir ramma, seier Randi Rettedal, styreleiar i Raunes Fiskefarm.
Fylkesmannen har gitt AF Decom lov til å sprenge ut 16.000 kubikkmeter under sjøen, og i tillegg skal selskapet fylle 730.000 kubikkmeter med sprengsteinmassar over 36 dekar på sjøbotnen. Dette arbeidet skal skje på naboområdet til Raunes Fiskefarm.
Konsekvensane melder seg
Miljøvernavdelinga i Rogaland får neppe det siste ordet i denne saka. Advokat Halfdan Mellby i advokatfirmaet DLA Piper Norway DA meiner settefiskanlegget må klage til Statens forureiningstilsyn.
Han seier klienten har gode kort på handa fordi han meiner Vindafjord kommune ikkje har gjort jobben sin.
— Dersom ein følgjer lova må klagen nå fram. Ein reguleringsplan skal leggje til rette for aktivitet, ikkje lage konfliktar som i dette tilfellet, seier han.
Alternativ
Mellby er kritisk til at fylkesmannen seier han ikkje kan løyse konflikten
som har oppstått når fiskeoppdrett og opphogging av oljeriggar skal skje side om side.
— Fylkesmannen kunne mellom anna sagt nei til sprengingsløyvet, eller at AF Decom må flytte, seier Mellby.
Den mest realistiske løysinga for konflikten er at Raunes Fiskefarm AS får nye lokalitetar. Men der har ikkje samtalar med AF Decom og Vindafjord kommune ført fram.
— Det verkar som dei meiner det er opp til oss å finne løysingar. Det er ein underleg situasjon når vi var her først. Dette skal vidare til SFT, seier Rettedal.
Kritiserer fylkesmannen
Advokat Mellby meiner miljøvernavdelinga til fylkesmannen ikkje har gjort jobben sin fordi løyvet til sprenging og utfylling ikkje går inn på skadeverknadene dette kan få for settefiskanlegget.
— Der er ein viktig del av ein klage på vedtaket, seier han.
Mellby meiner AF Decom ikkje kan gå i gang med sprenging og fylling før det er sikkert at fisken ikkje blir skadd.
— Dersom dette får konsekvensar for fisken, er det ei uloveleg handling uansett, seier haskodeleg framtid, må følgja sitt samvit. Alle som ser realitetane i dei faktiske forhold, og derfor vil ha kulturhuset opp til ny vurdering, må gå til valurnene i dag og stemma Etne Frp. Me ynskjer alle eit godt val.
Roger Nilsen
ordførarkandidat Etne Frp