Etne-lensmann står fast

Den nye politireforma har tvinga fram nytenking når det gjeld organisering av arbeidet i politidistrikta, […]

Den nye politireforma har tvinga fram nytenking når det gjeld organisering av arbeidet i politidistrikta, og i vårt distrikt har nedlegging av lensmannskontoret i Etne blitt aktualisert.
Tillitsvald og medlem i Politiets fellesforbund, politibetjent Vidar Haraldseid, seier at det er stor semje blant dei tilsette i Etne og Vindafjord lensmannsdistrikt om at det viktigaste er å få til ei slagkraftig eining, også med tanke på at det om få år kan bli aktuelt med endå meir sentralisering. Då kan alt bli flytta til Haugesund.

Ikkje synlege
All operativ teneste skjer i dag frå kontoret i Ølen. Dei som arbeider på kontoret i Etne, er ikkje synlege i gatebildet.
— Folk er veldig opptekne av å få hjelp, men utrykkingstida vil bli den same som i dag om lensmannskontoret i Etne blir lagt ned, og tenestetilbodet til folk vil ikkje bli dårlegare om kontoret blir borte, meiner han.
Slik det er i dag, er det også mange dagar det ikkje er tilsette på kontoret i Etne i det heile, og då må kontoret halde stengt.
Haraldseid meiner ein debatt om saka er på sin plass, og der må alle vere ærlege å seie kva dei meiner. Også politikarane må kunne tenkje på kva som vil bli best på sikt.

Meir strukturert
— Når det gjeld vårt distrikt, vart det vedteke at Ølen som ligg mest sentralt til i lensmannsdistriktet, skulle ha distriktskontoret. Der er alt operativt personell samla. Dette synest vi tilsette har fungert godt, arbeidsoppgåvene har blitt meir strukturerte. Vi meiner det er mest naturleg at alt operativt personell er samla på ein stad. Fotsoldatane vil helst ha eitt kontor, dette er det solid oppslutnad om, seier Vidar Haraldseid.
Ikkje minst med tanke på at tidene endrar seg, og at det har vist seg å vere vanskeleg å få kvalifiserte folk til små plassar, meiner han politireforma er positiv.

Pilotprosjekt
Det er dei folkevalde som har vedteke den nye politiforma, men det er snakk om eit pilotprosjekt der det blir prøvd seg fram, i denne fasen er det viktig å få alle fakta på bordet, meiner politibetjenten.
Han seier det er viktig å sjå framover. Heile tida er det eit press, der ein må sjå etter nye moglegheiter.
— Eg meiner det er viktig å kalle ein spade for ein spade, og at ein må sjå i augo at det er kunstig «åndedrett» å halde liv i små lensmannskontor utan operativ teneste, seier han. Med dette støttar han utsegn leiar i Politiets fellesforbund Bernt Nordvik har kome med tidlegare.